Kvitlauk
Kvitlauk | |
Kvitlauk | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Alliaceae Allioideae |
Stamme: | Allieae |
Slekt: | Laukslekta Allium |
Art: | Kvitlauk A. sativum |
Vitskapleg namn | |
Allium sativum |
Kvitlauk (Allium sativum) er ei fleirårig plante i påskeliljefamilien. Ho er ei mykje omtykt mat- og medisinplante som er nærskyld med kepalauk (vanleg lauk), sjalottlauk, purrelauk og bjørnelauk. Kvitlauk stammar frå Sentral-Asia, men veks ikkje vilt. Ein reknar med at han er vorten dyrka fram, truleg frå arta A. longicuspis.[1] Lauken til kvitlauk kan bli brukt som grønsak og krydder. Laukdelen har ofte fleire sidelaukar, kalla fedd eller kløfter, men finst òg som heil lauk i varianten kinesisk kvitlauk eller hovudkvitlauk. Ein annan type kvitlauk, elefantkvitlauk, høyrer til ei anna art (A. ampeloprasum).
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Kvitlauksplanta blir 20-60 cm høg. Ho veks frå eitt fedd som kan plantast om hausten i kaldt klima; i varme kan ho plantast heile året. Planta trivst på ein solrik veksestad med veldrenert, næringsrik jord. Stilkane kan bli lange og tynne og kan byrja å krølla seg; desse kan ein klippa av og bruka som vår- eller graslauk. Planta kan danna ein topplauk på stilken som ein klipper av ved dyrking, denne kan òg bli brukt som mat eller medisin. Lauken kan brukast fersk eller plukkast etter blomstring og bladvisning og turkast. Den ferske kvitlauken har mildare smak enn han som er turka.
Lauken er kvit eller gulkvit inni og kan ha skal som er heilt kvitt, rosa/lilla eller med striper av desse fargene. På varieteten A. sativum var. sativum er heile lauken dekt av eit turt, papirvore skal; i tillegg kan kvart fedd ha skal. Blada eller stilkane er mjuke og kan bli brukte til å fletta saman fleire kvitlaukar. Denne typen kvitlauk blir somtid òg kalla soft-neck. Slangekvitlauk eller hard-neck (A. sativum var. ophioscorodon) har hardare stilkar som ikkje kan flettast og har ikkje ytterskal kring heile lauken. Denne lauken har få store fedd som ligg i ein enkel krans kring midtstengelen. Hjå soft-neck ligg det fleire små fedd inst.
I norsk natur
[endre | endre wikiteksten]Det har vore registrert eit par einskildfunn av forvilla kvitlauk i norsk natur.[2]
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Kvitlauk er mykje brukt innan asiatisk og søreuropeisk matlaging. Kvitlauk kan bli hakka, pressa i kvitlaukspresse eller brukt heil. Han blir brukt i supper, sausar og mange andre retter. Ein kan grilla eller baka heile fedd, eller ein kan bruka kvitlauk til røyking eller sylting.
I folkemedisinen har kvitlauk vore brukt mot vanskar med matmelting, åreforkalking, forkjøling, mot orm og som afrodisiakum. I moderne alternativ medisin bruker ein ofte kvitlauk som eit element i antibiotikabehandling. Mange meiner òg at kvitlauk styrkjer immunforsvaret.
Innan populærkulturen er kvitlauk kjend som eit middel mot vampyrar.
-
Ajos encurtidos, spansk sylta kvitlauk.
-
Kvitlaukssupe (katalansk sopa d'all, spansk sopa de ajo)
-
Patatas alioli, poteter med kvitlaukssausen aioli.
-
Pesto er ein saus som nyttar kvitlauk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Salunkhe, D.K.; Kadam, S.S., red. (19. mars 1998). Handbook of Vegetable Science and Technology: Production, Composition, Storage, and Processing. Marcel Dekker (publisert March 19, 1998). s. 397. ISBN 978-0-8247-0105-5.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1148.
- Kinesisk hvitløk Arkivert 2013-07-31 ved Wayback Machine., frukt.no. Henta 13. august 2013.
- Hvitløk, vanlig Arkivert 2014-03-07 ved Wayback Machine., frukt.no. Henta 13. august 2013.
- Fersk hvitløk Arkivert 2013-07-31 ved Wayback Machine., frukt.no. Henta 13. august 2013.
- Hvitløk (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 13. august 2013.
- Garlic, Better Homes and Gardens. Henta 13. august 2013.
- How to Plant Garlic (Allium spp.) Arkivert 2013-06-04 ved Wayback Machine., designing-edible-gardens.com. Henta 13. august 2013.
- Alena Gibalova, Typer og sorter Arkivert 2011-08-29 ved Wayback Machine., agropub.no. Henta 13. august 2013.
- Navn på grønnsaker og krydderplanter, 1993 - UMB (PDF-fil), umb.no. Henta 13. august 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) kvitlauk hos Artsdatabanken
- (en) kvitlauk i Encyclopedia of Life
- (en) kvitlauk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) kvitlauk hos Dyntaxa
- (en) kvitlauk hos ITIS
- (en) kvitlauk hos NCBI
- (en) kvitlauk hos The International Plant Names Index
- (en) kvitlauk hos Tropicos
- (en) Kategori:Allium sativum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Allium sativum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Allium sativum – detaljert informasjon på Wikispecies