Kyle Hills
Kyle Hills | |||
vulkan | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Island | ||
- koordinatar | 77°30′S 169°2′E / 77.500°S 169.033°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kyle Hills 77°30′00″S 169°02′00″E / 77.5°S 169.03333333333°E | |||
Kyle Hills er ei gruppe vulkankjegler, åsar, ryggar og toppar aust på Ross Island mellom Mount Terror og Cape Crozier. Åsane strekkjer seg 8 nautiske mil (15 km) frå aust til vest og strekkjer seg frå havnivå ved Cape Crozier til kring 2600 moh i Mount McIntosh ved vestenden av gruppa. Den lokale skardhøgda er opp mot 200 meter. Dei vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (2000) etter Philip R. Kyle, ein professor i geokjemi ved New Mexico Institute of Mining and Technology i Socorro som arbeidde mykje i Antarktis over 28 sesongar frå 1969–2000 med langvarig fokus på Mount Erebus. Han leia Mount Erebus Volcano Observatory i 2000.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kyle Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).