Hochkönig
Utsjånad
Hochkönig | |||
fjell | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Region | Salzburg | ||
Fjellkjede | Berchtesgadenalpane | ||
Høgd | 2 941 moh. | ||
Primærfaktor | 2 181 m | ||
Koordinatar | 47°25′14.9″N 13°3′47.4″E / 47.420806°N 13.063167°E | ||
Førstestiging | 1826 | ||
Hochkönig 47°25′15″N 13°03′47″E / 47.420805555556°N 13.063166666667°E | |||
Kart som viser Hochkönig.
| |||
Wikimedia Commons: Hochkönig |
Hochkönig er det høgaste fjellet i Berchtesgadenalpane og heile den omliggande fjellgruppa. Det ligg vest for byen Bischofshofen i den austerrikske delstaten Salzburg og 42 km sør for byen Salzburg. Hochkönig ligg utanom dei andre fjella i Berchtesgadenalpane, og er skilt frå Steinernes Meer av fjellovergangen Torscharte på 2 246 m. Sjølve toppen ligg på den sørlege kanten av eit stort kalksteinsplatå, som stort sett er dekt av isbreen Übergossene Alm.
I 1898 bygde Österreichischer Touristenklub ei fjellhytte ved toppen. Bygningen som står der i dag er frå 1985 og kan huse nesten hundre fjellklatrarar.