Haute-Saône
Haute-Saône | |
---|---|
Våpenskjoldet til Haute-Saône | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 70 |
Region: | Franche-Comté |
Préfecture: | Vesoul |
Sous-préfectures: | Lure |
Arrondissement: | 2 |
Kantonar: | 32 |
Kommunar: | 545 |
Président du conseil général: | Yves Krattinger |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 82. |
-1999 | 229 732 |
Folketettleik: | 43/km² |
Landareal¹: | 5 360 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Haute-Saône er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Franche-Comté og er kalla opp etter elva Saône.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Departementet vart oppretta 22. desember 1789 under den franske revolusjonen frå delar av den tidlegare franske provinsen Franche-Comté
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet ligg mellom Lorraine og Alsace i nord og Bourgogne i sør, og grensar til departementa Haute-Marne i nordvest, Vosges i nord, Territoire de Belfort i aust, Doubs og Jura i sør og Côte-d'Or i vest.
Nord i departementet ligg dei sørlege områda av fjellkjeda Vogesane. Her har elva Saône sitt utspring, som har gjeve namn til departementet, og renn sørvestover.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringa i departementet er jordbruk, nesten halvparten av overflata er dyrkande jord og beiteland. Ein tredjedel er dekt av skog. Eit kjent produkt frå regionen er osten Comté.