Handball-NM 1999/2000 for kvinner
Noregsmeisterskapen i handball 1999/2000 for kvinner vart vunne av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 29 – 24 over Nordstrand Idrettsforening frå Oslo.
Semifinalane
[endre | endre wikiteksten]- Selbu IL – Nordstrand IF 19 - 22
- Tertnes IL – Larvik HK 23 – 26 etter ekstraomgangar
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 4. mars 2000 framfor 6 817 tilskodarar. Larvik tok kommandoen i fyrste omgang og leia 15-11 ved pause. Sigeren var aldri truga i den andre omgangen og ved sluttsignalet hadde Larvik fem fleire mål enn Nordstrand.
Larvik sin fremste målskårar var Lina Olsson Rosenberg med 7 nettkjenningar. Merete Møller skåra 6 mål, medan trioen Cathrine Haakestad, Kristine Duvholt og Heidi Flaatnes alle fann vegen til nettmauskane 4 gongar. Tonje Larsen og Birgitte Sættem skåra kvar sine 2 mål. Terese Pedersen og Lene Rantala var målvakter. Korkje Line Eftang, Annette Tveter eller Kari Mette Johansen kom på skåringslista.
Nordstrand-måla kom frå Else Marthe Sørlie (6), Susann Goksør Bjerkrheim (4), Monica Sandve (3), Kari Anne Eid (3), Randi Gustad (3), Siri Humborstad (3) og Elise Alsand (2). Målvakta Jeanette Nilsen og Unni Hinkel kom ikkje på skåringslista.
Dommarane Andre Hansen og Øistein Pettersen straffa Larvik med tre 2-minuttutvisingar og Nordstrand med to.