Handball-NM 2014/Kvinner
Noregsmeisterskapen i handball 2014 for kvinner vart vunnen av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 35 – 15 over Håndballklubben Halden.
Semifinalar
[endre | endre wikiteksten]- Nordstrand IF – Larvik HK 17 – 27
- Oppsal IF – HK Halden 28 – 31 eeo
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum tysdag 30. desember framfor 4 489 tilskodarar. Storfavoritten Larvik gjekk opp i 4-0 før Halden skåra sitt fyrste mål. Sidan dura Larvik vidare og leia 14 – 5 ved pause. I den andre omgangen heldt overkøyringa fram og Larvik sin sigersmargin vart til slutt heile 20 mål.
Nora Mørk var toppskårar for Larvik med 8 mål. Elles skåra Linn-Kristin Riegelhuth Koren og Sanna Solberg 6 mål begge, Anja Edin 5, Gro Hammerseng 4, Marit Malm Frafjord 2, Karoline Breivang, Kristine Breistøl, Thea Mørk, Sofie Lund 1 mål alle. Sandra Toft var målvakt.
Halden-måla kom frå Cecilie Mørch Hansen 4, Martine Moen 3, Pernille Skaug 3, Melanie Felber 2, Marte Haugsten 1, Mette Kryger Jørgensen 1, Julie Gantzel Pedersen 1.
Dommarane straffa Halden med to 2-minuttsutvisingar, Larvik fekk ingen utvisingar.