Harald III av Noreg
Harald III | |||
| |||
Regjeringstid | 1045–1066 | ||
---|---|---|---|
Norrønt | Haraldr Harðráði | ||
Fødd | ca. 1015 | ||
Fødestad | Ringerike kommune | ||
Død | 25. september 1066 | ||
Dødsstad | Stamford Bridge | ||
Gravstad | Trondheim, Helgeseter kloster | ||
Gift med | Tora Torbergsdotter, Ellisiv av Kyiv | ||
Dynasti | Hardrådeætta | ||
Far | Sigurd Syr | ||
Mor | Åsta Gudbrandsdotter | ||
Born | Ingegjerd Haraldsdatter, Maria Haraldsdatter, Magnus II av Noreg, Olav III av Noreg |
Harald III Hardråde (1015–25. september 1066) var norsk konge frå 1045 til 1066.[1] Han var son til småkongen Sigurd Syr og Åsta Gudbrandsdotter. Difor er han også kjend som Harald Sigurdsson.
Harald var halvbror til Olav den heilage (same mor) og truleg sonesons soneson til kong Harald Hårfagre. Etter slaget ved Stiklestad i 1030 måtte han flykta frå landet. Deretter slo han seg ned i Holmgard (dagens Novgorod) som gjest av kong Jaroslav.[2]
Fyrst var Harald Hardråde konge saman med Magnus den gode. Frå 1047 var han einekonge. Han var konge til 1066 då han fall i slaget ved Stamford bru. Harald Hardråde vert rekna som grunnleggjar av Oslo by. Grunnlegginga skal ha skjedd om lag år 1050.
I Heimskringla av islendingen Snorre Sturlason kan ein lesa soga om Harald Hardråde og om andre norske kongar.
I kulturen
[endre | endre wikiteksten]Jan Ove Ekeberg gav ut romanen Den siste vikingkongen. Djevelens rytter i 2018.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Harald Hardråde» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Anders Høilund (31. mai 2018). «Oslos grunnlegger, Harald Hardråde, har et ettermæle som en kriger og en råtass. Hvem var han?». VårtOslo. Henta 7. oktober 2018.
- ↑ Elin Brend Bjørhei. «Ypperlig viking-roman! Bokanmeldelse: Jan Ove Ekeberg: «Den siste vikingkongen. Djevelens rytter»». Verdens Gang.