Helmut Rahn
Helmut Rahn | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 16. august 1929 Essen |
Død |
14. august 2003 (73 år) |
Yrke | fotballspelar |
Språk | tysk |
Høgd | 1,78 meter |
Helmut Rahn på Commons |
Helmut Rahn (16. august 1929–14. august 2003) var ein tysk fotballspelar frå Essen som vart matchvinnar då Vest-Tyskland i 1954 overraskandane vann verdsmeisterskapen i fotball i Sveits med 3-2 mot favoritten Ungarn. Han var angrepsspelar, ofte frå ein vengposisjon.
Rahn spelte på Rot-Weiss Essen frå 1951 til 1959. Med laget frå heimbyen var han med å vinne DFB-pokalen 1953 og bundesligaen i 1955. Sesongen 1959/60 gjorde han teneste i FC Köln. Sidan spelte han tre sesongar i nederlandsk SC Enschede, før han 1963-65 avslutta med MSV Duisburg.
Rahn landslagsdebuterte for Vest-Tyskland i november 1951 i Istanbul. Få veker seinare skåra han sitt fyrste av 21 landslagsmål då Vest-Tyskland i heimbyen hans vann 4-1 over Luxembourg. Under Fotball-VM 1954 spelte høgrevengen fire av dei fem kampane til Vest-Tyskland. I finalen i Bern den 4. juli 1954 mot Ungarn utlikna han i det 18. minutt til 2-2, før han i det 84. minutt skåra det avgjerande målet til 3-2. Fire år seinare spelte Rahn alle Vest-Tysklands kampar i Fotball-VM 1958 i Sverige, ein meisterskap der vesttyskarane tapte 3-6 mot Frankrike i kampen om bronsen. Rahn var landslagskaptein i to kampar våren 1957 og alle seks landskampane i 1958/59-sesongen. I sin 40. og siste landskamp i Ludwigshafen den 27. april skåra han det andre målet då Portugal måtte reise heim med tap 1-2.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Helmut Rahn» frå Wikipedia på tysk, den 17. juni 2018.