Hopp til innhald

Huddersfield

Koordinatar: 52°39′N 1°47′W / 52.650°N 1.783°W / 52.650; -1.783
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Huddersfield

Huddersfield Town frå Castle Hill
Huddersfield Town frå Castle Hill
Huddersfield Town frå Castle Hill
Plassering
Huddersfield is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Yorkshire
Distrikt Kirklees
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

150 127
Koordinatar 52°39′N 1°47′W / 52.650°N 1.783°W / 52.650; -1.783
Diverse annan informasjon
Postnummer HD1-5, HD7-8
Telefon-retningsnummer 01484
Commons har multimedium som gjeld: Huddersfield

Huddersfield er ein by i West Yorkshire i England, 306 km nord for London og 22,5 km vest for Wakefield, som er den næraste byen. Han er administrasjonssenter for Kirklees, som de facto er ei sameint styresmakt med kring 145 000 innbyggjarar. Huddersfield har tradisjonelt vore kjent som ein kjøpstad, men etter at den lokale tekniske høgskulen vart oppgradert til University of Huddersfield har mange byrja å omtale han som ein universitetsby i staden. Tradisjonelt har byen vore senter for ull-, bomulls- og silkeindustrien med produksjon av tekstilmaskinar og fargestoff. Tekstilindustrien går tilbake til byrjinga av 1700-talet.

Huddersfield

Dei lokale styresmaktene har ynskt å få statusen til byen oppgradert til city, men innbyggjarane avviste dette i ei uoffisiell folkerøysting som vart organisert av lokalmedia.

Byen ligg ved staden der elvene Colne og Holme møtest. Det går to kanalar dit, Huddersfield Broad-kanalen og Huddersfield Narrow-kanalen.

Fotballklubben Huddersfield Town AFC spelar i Football League One.