Ioniserande stråling
Utsjånad
Ioniserande stråling er stråling som kan slå elektron ut av atom og molekyl slik at desse blir til ion.
Radioaktive stoff sender frå seg ioniserande stråling.
Biologisk verknad
[endre | endre wikiteksten]Ion er kjemisk reaktive og kan føra til skader på levande vev. Ut frå storleiken på dosen kan ioniserande stråling føra til celledød, strålesjuke og kreft.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Røntgenstråling er ioniserende stråling som blir brukt innan helsevesenet for å danna bilder av kroppen.
Ioniserande stråling blir brukt innan helsevesenet for dei celledrepande eigenskapane sine, særleg innan strålebehandling av kreft. Strålinga blir då konsentrert til det sjuke området. Ein kan òg nytte ioniserande stråling til sterilisering av medisinsk utstyr som ikkje toler varme.