Hopp til innhald

Isle of Arran

Koordinatar: 55°34′25″N 5°15′12″W / 55.57351°N 5.25333°W / 55.57351; -5.25333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isle of Arran
Lokalt namn Eilean Arainn
Brodick på Isle of Arran, sett frå Goat Fell
Brodick på Isle of Arran, sett frå Goat Fell
Geografi
Isle of Arran is located in
Stad Firth of Clyde
Koordinatar 55°34′25″N 5°15′12″W / 55.57351°N 5.25333°W / 55.57351; -5.25333
Øygruppe Øyane i Firth of Clyde

Areal 432 km²

Høgaste punkt Goat Fell (874 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region North Ayrshire
Største busetnad Brodick

Demografi
Folketal 5058 (2001)
Folketettleik 11,7 /km²

Arran eller Isle of Arran (skotsk-gælisk Eilean Arainn) er den største øya i Firth of Clyde i Skottland med eit areal på 432 km² og den sjuande største i Skottland. Ho høyrer til regionen North Ayrshire og hadde i 2001 5058 innbyggjarar. Ho vert ofte knytt til Hebridane, og deler mykje av kulturen her, men desse øyane ligg lenger nord og vest for Kintyre. Arran er fjellkledd og har vorte skildra som eit paradis for geologar.[1]

Øya har vore kontinuerleg busett sidan tidleg i yngre steinalder og det er gjort mange førhistoriske funn. Frå 500-talet koloniserte goidelsktalande folk frå Irland øya og ho vart eit senter for religiøs aktivitet. Under den trøblete vikingtida vart Arran underlagt Noreg før ho vart formelt innlemma i kongedømet Skottland på 1200-talet. Mange av stadnamna har norrønt opphav. Håkon IV vitja øya i 1263 i samband med at den skotske kongen kravde suverenitet over dei norske øyane. Besøket enda i slaget ved Largs.

På 1800-talet vart folketalet kraftig redusert og det gæliske språket og levemåten forsvann meir eller mindre. Økonomien og folketalet på øya har betra seg dei siste åra og hovudnæringa i dag er turisme. Her finst mangfaldig dyreliv med tre artar som er endemiske for området.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Isle of Arran frå Wikivoyage
  1. Haswell-Smith (2004) s. 11-17.