Hopp til innhald

Joel Chandler Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joel Chandler Harris

Statsborgarskap USA
Fødd 9. desember 1848
Eatonton
Død

3. juli 1908 (59 år)
Atlanta

Yrke skribent, barnebokforfattar, journalist, eventyrsamlar, folklorist
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Ektefelle Esther LaRose Harris
Born Julian LaRose Harris, Lucien Harris
Signatur
Joel Chandler Harris på Commons

Joel Chandler Harris (9. desember 18483. juli 1908) var ein amerikansk journalist og forfattar. Han er særleg kjend for historiene sine om Onkel Remus der denne fortel afro-amerikanske folkeeventyr om Bror Kanin og andre dyr.

Tidlege år

[endre | endre wikiteksten]

Harris voks opp med mor si på landet i dei amerikanske Sørstatane. Ho vekte interessa hans både for skjønnlitteratur og for sørstatstradisjonar. Som fjortenåring blei han tilsett hjå plantasjeeigaren, juristen og avismannen Joseph Addison Turner. Han arbeidde i trykkeriet til Turner og fekk òg skriva bokmeldingar og anna i vekebladet hans The Countryman. Turner var ein intellektuell person og hadde eit omfattande bibliotek som Harris fekk fri tilgang til. På den store plantasjen Turnwold var det tjuefem slavar. Harris hadde mykje omgang med dei og lærte seg dialekten og uttrykksmåten deira. Han tok del av dei fleste eventyra deira og forteljingar og annan folklore. Dette var under den amerikanske borgarkrigen, men Harris merka lite av krigen, og omtalte seinare tida som dei rolegaste åra i livet sitt. Han kunne sjå attende på denne tida med både ambivalens og nostalgi. Han hadde sjølv ein usikker posisjon mellom plantasjeeigaren og slavane. Han hadde respekt for slavane, men kunne ha eit overdrive ljost bilde av tilværet deira.

Frå 1866 av arbeidde Harris som journalist for ulike aviser i Georgia (og i New Orleans) og blei kjend i delstaten som folklorist og humorist. Han gifta seg 1873 med Esther LaRose, og paret fekk med tida ni born. 1876-1900 sat han i leiinga for det progressive dagbladet Atlanta Constitution. Leiarartiklane hans handla ofte om raserelasjonar i Sørstatane, men òg om sørstatslitteratur.

Onkel Remus-historier

[endre | endre wikiteksten]
Den første boka om Onkel Remus

Det var i The Constitution at Harris byrja gje ut korte forteljingar om ein gammal slave, Onkel Remus (Uncle Remus). Dei var fyrst retta mot ein vaksen lesarkrins, men då Harris seinare retta seg mot barn og lét Onkel Remus fortelja fablar om dyr blei han kjend på alvor, ikkje berre i Atlanta men fort også i heile USA. Dei folkloristiska detaljane gjorde at han vekka interesse hjå akademiske forskarar. Historiene hadde han høyrt dei svarte slavane og plantasjearbeidarane fortelja, dette var ofte folkeeventyr dei hadde frå Afrika. Harris pleidde hevda at han sjølv berre samla forteljingane, men i røyndomen broderte han ut og vov saman dei korte episodane han hadde høyrd.

Figuren «Onkel Remus» var sett saman av fleire eldre svarte plantasjearbeidar som Harris møtte. Remus var ein klok og godmodig gammal mann med humor og varme. Han fortalde eventyra for ein kvit gut, kanskje sonen til plantasjeeigaren, og nytta eit språk og ein uttrykksmåte som var vanleg blant dei svarte. «Helten» var ofte Bror Kanin (Br'er Rabbit), ein slags luringfigur. Intrigen gjekk vanlegvis ut på korleis ein skaffa seg det ein trengde til å leva, til dømes mat, eller korleis ein unngjekk å sjølv bli mat. Skurken som skulle lurast var ofte Bror Varg eller Bror Rev som ville eta opp Bror Kanin. Fablane viste korleis den svake og sosialt underlegne kunne sigra gjennom list. Bror Kanin hadde ingen overmenneskelege eller magiske gåver. Han kunne vera dumdristig og hovmodig, han kunne bryta forbod og hadde ikkje alltid den beste moralen,[1] men han sigra gjennom vitet sitt.

I 1880 samla Harris fleire slike soger saman med nokre nyskrivna i boka Uncle Remus – his songs and sayings. Boka blei ein umiddelbar suksess.

Harris fortsette å skriva om Onkel Remus, Bror Kanin og andre dyr. Med tida blei det 185 historier samla i åtte bøker. Gjennom åra er dei komne ut i fleire nye opplag og er blitt omsett til mange språk. Andre forfattar har omarbeidd språket til Onkel Remus så det blei lettare å forstå.

Forteljingane danna òg grunnlaget for ein film produsert av Walt Disney. Song of the South hadde amerikansk premiere i 1946. Filmen har både levande skodespelar og teikna animasjonar. Songen «Zip-a-Dee-Doo-Dah» fekk ein Oscar som beste song i 1947, men filmen har òg fått kritikk for stereotype raseskildringar.[2]

Seinare år

[endre | endre wikiteksten]
Amerikansk frimerke frå 1948

Joel Chandler Harris var intensivt verksam som skribent. Ved sida av arbeidet sitt som redaktør ved Atlanta Constitution gav han ut forteljingar i ulike tidsskrift og fleire bøker både for barn og for vaksne. Ved slutten av 1800-talet var han, ved sida av Mark Twain, den mest populære amerikanske forfattaren.[3] Ryet hans kom først og fremst av bøkene om Onkel Remus. Ein beundra ikkje minst korleis han beherska svarte idiom og kjennskapen hans til folkloren deira.

Dei andre bøkene hans, særleg romanane, var mindre omtykte, sjølv om dei blei prisa for den lokale fargen. Ofte hadde desse romanane outsiderar som protagonistar. Det kunne vera svarte frigjevne slavar eller enkle kvite småbønder. Romanane blei kritiserte for å vera sentimentale og ha usannsynlege intrigar. Tendensen var konservativ. Forfattaren tok avstand frå «framstegskulten» i samtida si. Sympatiane låg hjå den enkle bonden og var imot godseigarar, industrialistar og materialisme.

Gjennom avisskriftene hans om raserelasjonar kom samtida thans til å forstå han som ein autoritet i spørsmålet. Eit hundreår seinare var det ingen som såg han på den måten. I forteljingane framgår det at han idylliserte livet til dei svarte slavane på plantasjane og at han såg med sympati på dei svarte, men òg at han meinte dei var underlegne dei kvite.

I 1900 slutta Harris ved The Constitution, men han fortsette å skriva; journalistikk, føljetongar og kortare forteljingar. I 1905 blei han vald inn i American Academy of Arts. 1907-1908 gav han saman med ein av sønene sine ut Uncle Remus's Magazine. Tidsskriftet inneheldt mykje materiale som han tidlegare hadde publisert. I byrjinga av 1900-talet vart journalistikken forma i USA av sensasjonsstoff, men Harris heldt sjølv fast ved den enkle og venlege stilen sin. Det kunne likevel finnast mørkare undertonar i forteljingane. Privat freista han å vise eit gladlynt bilde av seg sjølv, men det var delvis ei fasade han sette opp for å skjula ein manglande sjølvtillit. Dei siste åra leid han av sjukdom og periodar av alkoholmisbruk.

  1. Auraldsson, Kerstin (22. september 1990). «Grymma sagor om Bror Kanin». Upsala Nya Tidning. 
  2. Bjelkendal, Göran (30. mai 2001). «Disney fyller 100». Göteborgs-Posten. 
  3. Twentieth Century Children's Writers
  • Carpenter, Humphrey (1984). The Oxford companion to children's literature. Oxford: Oxford Univ. Press. Libris link. ISBN 0192115820
  • Encyclopedia of African-American culture and history. "Vol. 2". New York: Macmillan Library Reference. 1996. side 996-997. Libris link. ISBN 0-02-897345-3
  • Mackethan, Lucinda H. (1987). ”Joel Chandler Harris”. Fifty southern writers frykta 1900. New York: Greenwood. Side 227-239. Libris link. ISBN 0-313-24518-5
  • Twentieth-century children's writers (3. utg.). Chicago: St. James. 1989. Libris link. ISBN 0-912289-95-3

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Joel Chandler Harris