Jacob A. Riis
Jacob A. Riis | |
Statsborgarskap | USA, Kongeriket Danmark |
Fødd | 3. mai 1849 Ribe |
Død |
26. mai 1914 (65 år) |
Yrke | fotograf, skribent, journalist, pressefotograf, biograf, sosiolog |
Sjanger | social documentary photography |
Ektefelle | Elisabeth Riis |
Jacob A. Riis på Commons |
Jacob August Riis (fødd 3. mai 1849 i Ribe, død 26. mai 1914) var ein dansk-amerikansk journalist, sosial reformator, føredragshaldar, fotograf, forfattar og filantrop.
Etter å ha utdanna seg til tømrar emigrerte han til USA i 1870. Her arbeidde han mellom anna som tømrar og gruvearbeidar før han blei journalist og arbeidde som krimreportar i over 30 år. I tida som arbeidslaus opplevde han med sjølvsyn tilhøva for dei fattige, eller «den andre helvta», "The Other Half", som han sjølv sa det. Han byrja å ta bilete av slumstroka i storbyen New York. Bileta blei brukt i den fotojournalistiske boka How the Other Half Lives, og medverka til å setje ein ny sosial dagsorden i USA. Han gjorde også ein monaleg filantropisk innsats, delvis saman med venen og seinare president Theodore Roosevelt.
Saman med amerikanaren Lewis Hine (1874 - 1940) blir Riis rekna som den fyrste eigentlege dokumentarfotografen. Etter at han døydde fekk ein samskipnad med det føremål å hjelpe danskar i Amerika namn etter han.
10. august 1900 blei han Ridder av Dannebrog.[1]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- How The Other Half Lives (1891)
- The Children of the Poor (1892; ny utgåve, 1902)
- Out of Mulberry Street (1896),
- A Ten Years' War (1900)
- The Making of an American (1901; ny utgåve, 1913)
- The Battle with the Slum (1902)
- Children of the Tenements (1902)
- The Peril and the Preservation of the Home (1903)
- Theodore Roosevelt, the Citizen (1904)
- The Old Town (his birthplace) (1909)
- Hero Tales of the Far North (1910)
- Neighbors: Life Stories of the Other Half (1914)
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Johannes Madsen, De Kgl. Danske Ridderordener: Personalhistorisk Festskrift udgivet i anledning af Hans Majestæt Kong Christian Den Niendes 40 aarige Regeringsjubilæum paa foranstaltning af H. F. Grandjean Oberstlieutenant, A. Christiansen 1903, s. 573.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen baserer seg delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930).[1]
- Denne artikkelen bygger på «Jacob A. Roos» frå Wikipedia på dansk, den 20. januar 2012.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene: Tom Buk-Swienty, Den ideelle amerikaner : en biografi om journalisten, reformisten og fotografen Jacob A. Riis, Gyldendal, 2009. ISBN 978-87-02-06037-9.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jacob A. Riis' fotografi Arkivert 2020-11-14 ved Wayback Machine.
- Jacob A. Riis - en social fotograf Arkivert 2021-05-13 ved Wayback Machine. Linkboks på Modkraft.dk med lenkjer til Riis-bøker på verdsveven.
- Den fordanskede amerikaner Kronikk af Benny Lihme i dagbladet Politiken, 1. januar 2009.