Hopp til innhald

Jaroslav Sakala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaroslav Sakala


Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 14. juli 1969 (55 år)
Krnov
Idrett skihopping
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp

Jaroslav Sakala (fødd 14. juli 1969) er ein tidlegare tsjekkisk (fram til 1992 tsjekkoslovakisk) skihoppar.

Sakala debuterte i verdenscupen i 1989, og tok si fyrste internasjonale meisterskapsmedalje under OL i 1992, då det tsjekkoslovakiske mannskapet tok bronsemedaljane i laghopp. Med eit felles lag for Tsjekkia og Slovakia var Sakala med på å ta sølvmedaljar under VM 1993 i Falun.

Den fyrste verdscupsigeren kom 30. januar 1993 i Bad Mitterndorf, og dagen etter vann han på nytt same stad. Den største prestasjonen som skihoppar gjorde Sakala i 1994, då han blei verdsmeister i skiflyging.

Den beste samanlagtplasseringa i verdscupen var ein andreplass i sesongen 1992/93. Sakala la opp som hoppar i 2003.