Oberliga DDR
Oberliga var DDRs øvste fotballdivisjon. Ligaen vart oppretta i 1949 og eksisterte til og med sesongen 1989/90.
Sesongen 1990/91 fungerte som kvalifikasjonsserie til Bundesliga i det sameinte Tyskland sesongen etter. Før DDRs Oberliga vart oppretta, vart det spelt to Austsonemeisterskap i det sovjetiskokkuperte Aust-Tyskland. Desse meisterskapa vart spelt på regionalbasis, med eit sluttspel etter cup-system for å kåre meisteren.
Den første sesongen i Oberliga vart spelt utan laga frå Aust-Berlin, som da framleis spelte i serie saman med laga frå Vest-Berlin. Frå 1954/55-sesongen bestod ligaen av 14 lag. I ein periode mellom 1955 og 1960 vart ligaen spelt i vår – haust-sesongen.
Til liks med ligaer i mange andre land i Aust-Europa, var truleg og DDRs Oberliga skjemt av utanomsportsleg innblanding og kampfiksing. Det blir mellom anna hevda at dei fleste av BFC Dynamo Berlins seriemeisterskap på 1980-talet var fiksa.[treng kjelde]
Fleire lag vart og flytta mellom ulike byar.
Vinnarar av Oberliga
[endre | endre wikiteksten]Austsonemeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1947/48 SG Planitz
- 1948/49 ZSG Union Halle
DDR-meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1949/50 ZSG Horch Zwickau
- 1950/51 BSG Chemie Leipzig
- 1951/52 BSG Turbine Halle
- 1952/53 SG Dynamo Dresden
- 1953/54 BSG Turbine Erfurt
- 1954/55 SC Turbine Erfurt
- 1955 SC Wismut Karl-Marx-Stadt (overgangsserie, ikkje offisielt meisterskap)
- 1956 SC Wismut Karl-Marx-Stadt
- 1957 SC Wismut Karl-Marx-Stadt
- 1958 ASK Vorwärts Berlin
- 1959 SC Wismut Karl-Marx-Stadt
- 1960 ASK Vorwärts Berlin
- 1961/62 ASK Vorwärts Berlin (overgangsserie)
- 1962/63 SC Motor Jena
- 1963/64 BSG Chemie Leipzig
- 1964/65 ASK Vorwärts Berlin
- 1965/66 FC Vorwärts Berlin
- 1966/67 FC Karl-Marx-Stadt
- 1967/68 FC Carl Zeiss Jena
- 1968/69 FC Vorwärts Berlin
- 1969/70 FC Carl Zeiss Jena
- 1970/71 SG Dynamo Dresden
- 1971/72 1. FC Magdeburg
- 1972/73 SG Dynamo Dresden
- 1973/74 1. FC Magdeburg
- 1974/75 1. FC Magdeburg
- 1975/76 SG Dynamo Dresden
- 1976/77 SG Dynamo Dresden
- 1977/78 SG Dynamo Dresden
- 1978/79 Berliner FC Dynamo (Dynamo Berlin)
- 1979/80 Berliner FC Dynamo
- 1980/81 Berliner FC Dynamo
- 1981/82 Berliner FC Dynamo
- 1982/83 Berliner FC Dynamo
- 1983/84 Berliner FC Dynamo
- 1984/85 Berliner FC Dynamo
- 1985/86 Berliner FC Dynamo
- 1986/87 Berliner FC Dynamo
- 1987/88 Berliner FC Dynamo
- 1988/89 SG Dynamo Dresden
- 1989/90 1. FC Dynamo Dresden
NOFV-mesterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1990/91 FC Hansa Rostock
Etter sesongen 1990/91 fekk dei to beste laga i den austtyske serien plass i alltysk Bundesliga. Dei seks nest beste laga fekk plass i 2. Bundesliga. Dei siste seks laga i divisjonen fekk plass i alltysk Oberliga (nivå 3).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- DDR Fußball Spezial
- Fakta om fotball i DDR fra Hansa Fanclub Neckarkarpfen Arkivert 2006-06-15 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Oberliga DDR» frå Wikipedia på bokmål, den 12. august 2013.