Osmussaar
Osmussaar | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Austersjøen |
Koordinatar |
|
Areal | 4,69 km²
|
Administrasjon | |
Land | Estland |
Maakond | Lääne maakond
|
Osmussaar (svensk: Odensholm) er ei øy i Estland. Øya ligg 7,5 km utanfor fastlandet, og høyrer til Noarootsi kommune og Lääne fylke. Osmussaar har eit areal på 4,69 km².
Osmussaar er kalla opp etter den norrøne guden Odin, som etter segna skal liggje gravlagd på øya. Før den andre verdskrigen budde 130 menneske på øya, dei fleste av dei etniske svenskar. Då Sovjetunionen overtok øya og bygde marinebase der i 1940, vart alle innbyggjarane tvangsflytta til Vormsi. Øya var det siste området i Estland som vart overgjeve til tyskarane då dei okkuperte landet under den andre verdskrigen. Under den tyske okkupasjonen flytta svenskene tilbake, men dei måtte igjen dra frå øya då den tyske okkupasjonen tok slutt.
I dag er Osmussaar naturvernområde.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Reisebrev frå Osmussaar (engelsk)
- Fyret på Osmussaar (engelsk)
- Odensholm en pärla i Östersjön (svensk)