Lauritz Rygh
Lauritz Rygh | |||
Fødd | 14. juli 1874 | ||
---|---|---|---|
Død | 1950 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | avisredaktør, politikar | ||
Barn | Ottar Rygh | ||
Alle verv |
|
Lauritz Kristian Nilssen Rygh (14. juli 1874–1950) var ein norsk pressemann og politikar frå Stavanger. Han representerte byane i Vest-Agder og Rogaland og partiet Venstre på Stortinget frå 1931 til 1945.
Rygh var son til ein skomakarmeister. Etter middelskolen tok han eksamen ved Stavanger tekniske aftenskole. Frå 1889 til 1901 arbeidde i skoverksemda til faren. Han fekk då stilling i redaksjonen til Stavanger Aftenblad. I tida 1921 til 1927 var han redaktør i avisa. Sviktande helse førte til at han trekte seg frå sjefsjobben, men arbeidde i avisa til utgangen av 1940.
Gjennom fire valperiodar, 1916-28, var Rygh medlem i Stavanger bystyre. Ved stortingsvalet hausten 1930 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen beståande av byane Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund, attvald to gongar. Perioden 1931-33 var han medlem i Finans- og tollkomiteen, deretter 1934-36 i Helsekomiteen, og til sist, 1937-45 i Universitets- og fagskulekomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortingsbiografi Arkivert 2015-05-29 ved Wayback Machine.