Langskip
Utsjånad
Langskip er ei samlenemning på skip som i hovudsak vert rodd, og som er mykje lengre enn dei er breie. Langskip har vore nytta av fleire ulike folkeslag.
Nokre typar langskip
[endre | endre wikiteksten]- Vikingskip - nytta av vikingane i Skandinavia
- Greske langskip - skipstypen bireme vart utvikla på grunnlag av desse
- Romerske langskip - galeiar, som til dømes bireme trireme, quadrireme, quinquereme og dromone
- Saksiske langskip - ein type skip nytta av saksarane, mykje lik vikingskipa
Norrøne langskip
[endre | endre wikiteksten]Dei norrøne langskipa var under vikingtida store opne båtar med klinkbygd skrog, som regel av eik, kraftig grunn kjøl, ofte høge stamnar (særleg forut), mange årepar, sideror i bakstamnen, mast midtskips, rektangulært segl og faste tofter over dekk. Dette var typiske skip som gjekk lett i sjøen og hadde lange smekre linjer.
- Busse, krigsskip med stor lasteemne og med mange mann om bord. Det var to mann på åra eller meir. Ormen Lange, skipet til Olav Trygvason var eit slikt skip.
- Skeide, krigsskip med mindre fribord enn busser, men mykje slankare og raskare og med 1 til 2 mann på åra.
- Snekke, krigsskip brukt i strid og på reiser, truleg ein båttype mellom busse og skeid. Tranen til Olav Trygvason var ei snekke.
- Karv, helst nytta som private farkostar i kystnære farvatn, men også på elvar, innlandsfjordar og opne hav. Osebergskipet og Gogstadskipet er døme på slike skip.
- Drake var langskip som hadde dyreliknande hovud i stamnen, gjerne drakeliknande hovud.