Hopp til innhald

Lapplands län

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lapplands län
Lapin lääni
Len i Finland
1936–2010

Våpen of Lapplands län

Våpen

Location of Lapplands län
Location of Lapplands län
Historie
 - Oppretta 1936
 - Nedlagt 1. januar 2010

Lapplands län (finsk Lapin lääni) var eit len i den nordlegaste delen av Finland. Det vart oppheva ved inngangen til 2010, saman med dei andre finske lena. Det dekte landskapet Lappland, Lappi eller Lapin maakunta.

Lenet grensa til Uleåborgs län i sør og til Russland, Noreg og Sverige i aust, nord og vest. Det var det største lenet i Finland med ei flatevidd på 98 946 km². Det var også det minst folkesette med 187 777 innbyggjarar (2002).

Lapplands län inneheldt 22 kommunar, av desse har 4 bystatus (utheva).