Ljungsbro
58°30′26.377″N 15°30′13.568″E / 58.50732694°N 15.50376889°E
Ljungsbro | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 454 km² | ||
Folketal | 6 785 (31. desember 2020) | ||
Ljungsbro 58°30′23″N 15°30′14″E / 58.506283401077°N 15.504008645501°E | |||
Wikimedia Commons: Ljungsbro |
Ljungsbro er ein tettstad i Linköpings kommun i Östergötlands län i Östergötland i Sverige. I 2011 hadde tettstaden 6 620 innbyggjarar. Tettstaden ligg cirka 15 kilometer nordvest for Linköping, ved Motala ström og Göta kanal. I Ljungsbro ligg sjokoladefabrikken Cloetta.
Staden hadde ein rask vekst på 1970- og 1980-talet og folketalet har sidan vore stabilt. Ei større industribedrift på staden er næringsmiddelprodusenten Cloetta Fazer AB, elles er det stor pendling til Linköping.
Fleire sluser i og like nedanfor Ljungsbro løftar kanalen frå innsjøen Roxen mot Vättern. I Ljungsbro sentrum er kanalen ført i bru over ein lokalveg.
Namnet kjem frå Ljung herregard ved Motala ström ovanfor Ljungsbro.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Ljungsbro» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2012.
- «Ljungsbro». Store norske leksikon. 19.11.2011.