Mohamed ElBaradei
Mohamed ElBaradei | |
Verkeleg namn | محمدالبرادعئ |
Statsborgarskap | Egypt |
Fødd | 17. juni 1942 (82 år) Kairo |
Yrke | politikar, diplomat, jurist, menneskerettsaktivist |
Språk | engelsk, arabisk |
Politisk parti | Constitution Party |
Religion | Islam |
Far | Mostafa ElBaradei |
Nettstad | http://www.mohamedelbaradei.com |
Mohamed ElBaradei på Commons |
Mohamed ElBaradei (fødd 17. juni 1942) er generaldirektør i det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), ein internasjonal organisasjon som er underlagd dei sameinte nasjonane. I 2005 vart han tildelt Nobels fredspris saman med IAEA.
ElBaradei er fødd i Egypt. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Kairo og deretter doktorgrad i internasjonal rett ved New York University School of Law.
Sidan 1984 har han vore eit framtredande medlem av IAEA, der han har hatt fleire viktige stillingar. Han vart generaldirektør i 1997, og attvald til ein andre periode i 2001.
Nobels fredspris
[endre | endre wikiteksten]7. oktober 2005 vart det gjort kjent at Mohamed ElBaradei, saman med IAEA, ville få Nobels fredspris for det året. Den Norske Nobelkomite gav som grunngjeving «arbeidet deira for å hindre at kjernefysisk energi vert brukt til militære føremål». IAEA har konsentrert seg om kampen for å redusere kjernevåpen med sikte på å avskaffe denne typen våpen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «The Nobel Peace Prize 2005». Nobelprize.org. Henta 1. oktober 2015.
- «Mohamed ElBaradei - Facts». Nobelprize.org. Henta 1. oktober 2015.