Hopp til innhald

Monoplan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Fokker Eindecker, ein av dei første enkeltdekkerne

Eit monoplan eller enkeltdekker er eit fly med eitt par venger. Alternative flykonstruksjoner er biplan (med to par vingar) og triplan (med tre par vingar). Fly med eit enket vingepar fanst heilt frå flygingas barndomen, men vart fyrst vanleg på 1930-talet. I byrjinga vart vingane bygd som ein samanhengande konstruksjon som gjekk tvers gjennom flykroppen, slik som hos Hawker Hurricane.

I løpet av andre verdskrig kom monocoque-konstruksjon for fly på alvor, der flykroppen vart bygd utan indre avstivare og vingane utan midtseksjon. Ved utgangen av krigen var fly med fleire vingepar nesten fullt fasa ut. Moderne fly vert nesten utelukkande byggd med eit vingepar, unntak av spesialfly for luftakrobatikk.