Morley i West Yorkshire
Morley | |||
by | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | West Yorkshire | ||
Distrikt | City of Leeds | ||
Folketal | 35 776 (2021)[1] | ||
Postnummer | LS27 | ||
Retningsnummer | 0113 | ||
Morley i West Yorkshire 53°44′57″N 1°36′08″W / 53.749166666667°N 1.6022638888889°W | |||
Wikimedia Commons: Morley, West Yorkshire |
Morley er ein by med kring 60 000 innbyggjarar som har vokse saman med Leeds i England i Storbritannia. Historisk sett har kolgruvedrift og produksjon av ullvarer vore viktige næringar. Administativt er byen del av City of Leeds.
Morley ligg rundt 5 miles (8 km) sørvest for Leeds sentrum. Han er bygd på sju åsar: Scatcherd Hill, Dawson Hill, Daisy Hill, Chapel Hill, Hunger Hill, Troy Hill og Banks Hill.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Morley er nemnd i Domesday Book frå 1086 som Morelege, Morelei and Moreleia. Namnet tyder ‘ope område ved ei hei’, frå gammalengelsk mōr, ‘hei, lysning, beite’ og lēah, ‘ope område, lysning’.[2]
Byen blei kjend for tekstilindustrien sin, særleg produksjon av shoddy, som blei nytta av begge sider i den amerikanske borgarkrigen.
7. oktober 1872 blei 34 menneske drepen i ein gruveeksplosjon ved Morley Main Colliery.[3]
Rådhuset i byen, Morley Town Hall, blei bygd frå 1892[4] og offisielt opna av H.H. Asquith, som var frå byen, den 16. oktober 1895.
Vennskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Byen Siegen i Tyskland er venskapsby med Morley.
Kjende personar frå Morley
[endre | endre wikiteksten]- Titus Salt (1803–1876), industrimann, politikar og velgjerar
- Alice Cliff Scatcherd (1842–1906), forkjempar for røysterett og velgjerar som gav Scatcherd Park til byen.[5][6]
- Herbert Asquith, britisk premierminister (1908-1916)
- Helen Fielding (f. 1958), forfattaren av Bridget Jones dagbok
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ Victor Watts (red.), The Cambridge Dictionary of English Place-Names, Based on the Collections of the English Place-Name Society (Cambridge: Cambridge University Press, 2004), s.v. MORLEY WYorks.
- ↑ «Morley Main Colleriey Explosion – Leeds – 1872».
- ↑ «Morley Town Hall, laying of Memorial Stone». Leodis. Henta 10. april 2020.
- ↑ «Mausoleum – Scatcherd Family, St. Marys, Leeds – July 09». 7 October 2011. Arkivert frå originalen 7. oktober 2011.
- ↑ Crawford, Elizabeth (2001). The Women's Suffrage Movement: A Reference Guide, 1866–1928. Routledge. ISBN 9780415239264. Henta 28. februar 2017 – via Google Books.
- Denne artikkelen bygger på «Morley, West Yorkshire» frå Wikipedia på svensk, den 13. juli 2011.