Mawlamyine
Utsjånad
Mawlamyine မော်လမြိုင်မြို့ | |||
by | |||
Pagode i Mawlamyine.
| |||
Land | Burma | ||
---|---|---|---|
Stat | Mon | ||
Distrikt | Mawlamyine | ||
Koordinatar | 16°29′05″N 97°37′33″E / 16.48472°N 97.62583°E | ||
Folketal | 325 927 | ||
Mawlamyine 16°29′05″N 97°37′33″E / 16.484722222222°N 97.625833333333°E | |||
Wikimedia Commons: Mawlamyaing |
Mawlamyine er delstatshovudstaden i Mon-staten i Burma. Han er den tredje største byen i landet (2011) med rundt 210 000 innbyggjarar.[1] Han ligg ved utløpet til elva Thanlwin,[2] rundt 30 mil søraust for Yangon og 70 km sør for Thaton.
Namnet på byen blir også skrive Mawlamyaing eller Moulmein med latinske bokstavar. Det burmesiske namnet er မော်လမြိုင်မြို့, uttalt (IPA mɔ̀ləmjàiɴ mjo̰). Mon-namnet er မတ်မလီု, uttalt mo̤t məlɜ̤m.
Mawlamyine er ein hamneby som utgjer det viktigaste handelssenteret og største sjøhaman i Søraust-Burma.[3] Det finst også sagbruk, rismøller og båtbyggeri her.
Under den britiske kolonitdia var Mawlamyine hovudstad mellom 1827 og 1852. Han hadde då ein stor utførsel av teak.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Department of Health Planning, Ministry of Health, Myanmar; Township Health Profile 2011 (excelfil).
- ↑ 2,0 2,1 Næverdal, Cato (18. juni 2012), «Mawlamyine», Store norske leksikon
- ↑ «Mawlamyine or Moulmein». allmyanmar.com. Henta 3. februar 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Mawlamyine» frå Wikipedia på engelsk, og «Mawlamyine» frå Wikipedia på svensk den 11. mars 2016.