Mazagaon
Mazagaon | |||
bydel | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Mazagaon 18°58′N 72°51′E / 18.97°N 72.85°E | |||
Wikimedia Commons: Mazagaon |
Mazagaon, òg skrive Mazgaon og Mazagon (i portugisisk tid Mazagão[1]) er ein bydel i Mumbai. Han var tidlegare ei av dei sju øyane i Bombay.
Portugisiske jesuittar slo seg ned på øya på 1500-talet og grunnla ei kyrkje her.[2] I 1572 gav den portugisiske kongen eigarskap over øya i all æve til familien Souza e Lima.[2] Familien fekk kyrkja Nossa Senhora de Gloria bygd her i 1632.[2]
Då britane fekk kontroll over Bombay bygde dei ein festning på Bhandarwada-åsen på øya. Mazagaon Fort stod ferdig i 1680. I 1689 tok siddi-generalen Yadi Sakat festningen, og øydela han året etter.[3] I dag ligg parken Joseph Baptista Gardens, lokalt kjend som Mazagaon Gardens, på staden der festningen stod.
På slutten av 1600-talet blei Mazagon knytt til fastlandet då vika Umarkhadi blei fylt att, og blei ein fasjonabel forstad til Bombay.[2] Etter landvinningsprosjektet Hornby Vellard stod ferdig blei Bellasis Road bygd i I 1793 som band saman Mazagaon og Malabar Hill.[2]
I 1884 bygde dei britiske styresmaktene eit stort vassreservoar på Bhandarwada-åsen.[4] Det ligg under Joseph Baptista Gardens, og gjev drikkevatn til Sør- og Sentral-Mumbai.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ D'Cunha, Jose Gerson (1900). «IV The Portuguese Period». The Origins of Bombay (3 utg.). Bombay: Asian Educational Services. s. 265. ISBN 81-206-0815-1. Henta 4. januar 2009.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Mazagaon: Mumbai/Bombay pages», theory.tifr.res.in, henta 16. februar 2024
- ↑ Nandgaonkar, Satish (22. mars 2003). «Mazgaon fort was blown to pieces – 313 years ago». Indian Express (Express Group). Arkivert frå originalen 12. april 2003. Henta 20 September 2008.
- ↑ «Lesser known fact: Mumbai has two reservoirs on hill». The Times of India. 23. oktober 2023. ISSN 0971-8257.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Mazagaon» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2024.