Middendorffbukta
Middendorffbukta | |||
bukt | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Karahavet | ||
Middendorffbukta 75°50′00″N 92°30′00″E / 75.833333333333°N 92.5°E | |||
Wikimedia Commons: Middendorff Bay |
Middendorffbukta (russisk Залив Миддендорфа, Zaliv Middendorfa) er ei bukt på Tajmyrhalvøya i Russland. Ho ligg sørvest for Nordenskiöldøyane i Karahavet og er open mot vest. Bukta grensar til Zarajahalvøya i aust, kalla opp etter skipet til baron Eduard von Toll. På nordsida av bukta er det ei anna mindre bukt kalla Kolomeitsevabukta, kalla opp etter kaptein Nikolaj Kolomeitsev, som var kommandør på «Zaraja».
Middendorffbukta er omgjeve av forblåst tundra. Ho er full av småøyar og øygrupper, mellom anna Gavrilova, Sjrenøyane, Krusenternøyane og lenger ute i bukta Belukha og Prodolgovatij-øyane.
Klimaet i området er hardt med lange og bitre vintrar og mange stormar. Bukta er islagd ni månader av året og sjølv på sommaren er ikkje bukta fri for isflak.
Middendorffbukta og dei omliggande øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og heile området er ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bukta vart utforska av den russiske geologen baron Eduard von Toll på den siste reisa hans under den russiske arktiske ekspedisjonen i 1900-1903. Ho er kalla opp etter Alexander Theodor von Middendorff, ein russisk zoolog, historikar og utforskar med baltisk-tysk opphav.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Middendorff Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Naturreservatet Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- William Barr, The Last Journey of Peter Tessem og Paul Knutsen, 1919.
- William Barr, Baron Eduard von Toll’s Last Expedition.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Topografisk kart
- Alexander von Middendorff og ekspedisjonen hans til Sibir (1842–1845): [1]