Midi-Pyrénées
Midi-Pyrénées | |||
Miègjorn-Pirenèus / Mieidia-Pirenèus | |||
region | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Departement | • Ariège • Aveyron • Gers • Haute-Garonne • Hautes-Pyrénées • Lot • Tarn • Tarn-et-Garonne | ||
Hovudstad | Toulouse | ||
Areal | 45 348 km² | ||
Folketal | 2 838 228 | ||
Folketettleik | 61 / km² | ||
Midi-Pyrénées 43°30′00″N 1°20′00″E / 43.5°N 1.3333333333333°E | |||
Plassering av Midi-Pyrénées i Frankrike.
| |||
Wikimedia Commons: Midi-Pyrénées |
Midi-Pyrénées (oksitansk Miègjorn-Pirenèus og Mieidia-Pirenèus) er ein tidlegare administrativ region i Frankrike. Han var den største regionen i den europeiske delen av Frankrike, større enn Nederland og Danmark. I 2010 hadde regionen i underkant av 3 millionar innbyggjarar.[1] Regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées blei den 1. januar 2016 slått saman til en ny region med det mellombelse namnet Languedoc-Roussillon-Midi-Pyrénées.[2][3] Det blei føreslått å kalla den nye regionen Occitanie etter det gamle Oksitania,[4][5] og dette namnet blei seinare tatt i bruk.[6][7]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Midi-Pyrénées har ikkje tidlegare vore eit historisk eller geografisk område, og er ein av dei franske regionane som vart kunstig oppretta seint på 1900-talet for å støtte opp om hovudstaden, Toulouse. Eit anna døme på dette er regionen Rhône-Alpes, som vart oppretta for å støtte opp om Lyon.
Namnet på den nye regionen vart vald av den franske staten utan referanse til dei historiske provinsane (som det har vore svært mange av i regionen), og var berre basert på geografi: Midi (t.d. «sørlege regionar» sett frå Paris) - Pyrénées (Pyreneane, som er den sørlege grensa for regionen).
Byar
[endre | endre wikiteksten]- Albi
- Auch
- Blagnac
- Cahors
- Castres
- Colomiers
- Millau
- Montauban
- Muret
- Rodez
- Tarbes
- Toulouse
- Tournefeuille
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Populations légales 2010 des régions». INSEE. Henta 19. juni 2013.
- ↑ LOI n° 2015-29 du 16 janvier 2015 relative à la délimitation des régions, aux élections régionales et départementales et modifiant le calendrier électoral (1), Legifrance. Lest 4. juli 2016.
- ↑ Régionales 2015 : Pourquoi une nouvelle carte des régions ?, Ministère de l'Intérieur. Lest 4. juli 2016.
- ↑ «AVANT/APRES. Découvrez les 13 noms des nouvelles régions de France». L'Obs (på fransk). 2. juli 2016. Henta 3. juli 2016.
- ↑ Durand, Anne-Aël (1. juli 2016). «Nouvelles régions : « Changer de nom ne modifie pas la perception du territoire »». Le Monde.fr (på fransk). Henta 3. juli 2016.
- ↑ «Nouvelles régions : les décrets fixant le nom et le chef-lieu sont parus», vie-publique.fr, Direction de l'information légale et administrative. 29. september 2016. Lest 6. oktober 2016.
- ↑ Décret n° 2016-1264 du 28 septembre 2016 portant fixation du nom et du chef-lieu de la région Occitanie, Journal officiel, nr. 0227, 29. september 2016. Lest 6. oktober 2016.