Mungofamilien
Mungofamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Overorden: | Laurasiatheria |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Feliformia |
Familie: | Mungofamilien Herpestidae Bonaparte, 1845 |
Mungofamilien (Herpestidae) er ein familie som høyrer til rovpattedyra, og som fyrst og fremst er å finne i Afrika, men éin av artane er også spreidd over Sør-Europa og Asia. Fleire slekter finst berre på Madagaskar (gassiske mungoar). I alt finst det 20 slekter og 36 kjende artar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Mungoane er små rovpattedyr, som i lengde varierer frå om lag 23 cm til om lag 75 cm. Dei veg normalt frå i underkant av 1 kg til om lag 5–6 kg. Dei fleste artane i denne familien er frå brun til gråbrune eller grå i fargen. Nokre artar har stripemønster, men dei fleste er tilnærma einsfarga. Berre nokre få artar har ringmønster på halen. Dei har vanlegvis forholdsvis små hovud med spisse snutar og små runde øyre. Skallen er vanlegvis lang og flat.
Mungoane et ein variert rovdyrkost som mellom anna omfattar små pattedyr, reptil, fuglar, krabber, fisk, insekt og egg. Nokre artar et også frukt og bær og anna vegetabilsk føde. Nokre artar er selskapelege og lever i store flokkar på opp mot 50 dyr, medan andre for det meste lever i einsemd utanom paringstida.
Mungoane er mellom anna kjende for det umåtelege pågangsmotet sitt og evnene sine som slangedreparar. Dei er ikkje immune mot slangegift, slik mange trur, men har lynkjappe refleksar som set dei i stand til å unngå å verte bitne.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]- Familie: Herpestidae (mungofamilien)
- Underfamilie: Herpestinae (mungoar)
- Slekt: Atilax (sumpmungo)
- Art: Atilax paludinosus (sumpmungo)
- Slekt: Bdeogale (mungoar)
- Art: Bdeogale crassicauda (buskhalemungo)
- Art: Bdeogale jacksoni (jacksonmungo)
- Art: Bdeogale nigripes (svartfotmungo)
- Slekt: Crossarchus (mangustar)
- Art: Crossarchus alexandri (alexandermangust)
- Art: Crossarchus ansorgei (ansorgemangust)
- Art: Crossarchus obscurus (langnasemangust, svartmangust)
- Slekt: Cynictis (gulmungo)
- Art: Cynictis penicillata (gulmungo)
- Slekt: Dologale (pousarguesmungo)
- Art: Dologale dybowskii (pousarguesmungo)
- Slekt: Galerella (smalmungoar)
- Art: Galerella flavescens (svart smalmungo)
- Art: Galerella pulverulenta (kappgråmungo)
- Art: Galerella sanguinea (smalmungo)
- Art: Galerella swalius (namaquasmalmungo)
- Slekt: Helogale (dvergmungoar)
- Art: Helogale hirtula (ørkendvergmungo)
- Art: Helogale parvula (dvergmungo)
- Slekt: Herpestes (mungoar)
- Art: Herpestes brachyurus (korthalemungo)
- Art: Herpestes edwardsii (indisk gråmungo)
- Art: Herpestes ichneumon (egyptisk mungo)
- Art: Herpestes javanicus (indisk mungo)
- Art: Herpestes naso (langnasemungo)
- Art: Herpestes palustris (bengalmungo)
- Art: Herpestes semitorquatus (halsbandmungo)
- Art: Herpestes smithii (raudmussa mungo)
- Art: Herpestes urva (krabbeetarmungo)
- Art: Herpestes vitticollis (nakkestripemungo)
- Slekt: Ichneumia (kvithalemungo)
- Art: Ichneumia albicauda (kvithalemungo)
- Slekt: Liberiictis (liberiarmungo)
- Art: Liberiictis kuhni (liberiarmungo)
- Slekt: Mungos (bandmungo og gambisk mungo)
- Art: Mungos gambianus (gambisk mungo)
- Art: Mungos mungo (bandmungo)
- Slekt: Paracynictis (selousmungo)
- Art: Paracynictis selousi (selousmungo)
- Slekt: Rhynchogale (mellermungo)
- Art: Rhynchogale melleri (mellermungo)
- Slekt: Suricata (surikat)
- Art: Suricata suricatta (surikat)
- Slekt: Atilax (sumpmungo)
- Underfamilie: Herpestinae (mungoar)
Dei gassiske mungoane (Galidiinae) høyrer til dei gassiske snikekattane, ikkje til mungoane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mungofamilien» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 8. april 2010.