Northumberlandsundet
46°05′N 63°35′W / 46.083°N 63.583°W
Northumberlandsundet | |||
sund | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Del av | St. Lawrence-bukta | ||
Northumberlandsundet 45°52′00″N 62°44′58″W / 45.866666666667°N 62.749444444444°W | |||
Wikimedia Commons: Northumberland Strait |
Northumberlandsundet (engelsk Northumberland Strait, fransk détroit de Northumberland) er eit sund i den sørlege delen av Saint Lawrence-bukta aust i Canada. Sundet ligg mellom Prince Edward Island i nord og fastlandet i vest, aust og sør. Den smalaste delen av sundet, den 13 km vide Abegweit Passage i vest, er kryssa av Confederation Bridge.
Den vestlege grensa for sundet er ei linje teikna mellom North Cape på Prince Edward Island og Point Escuminac i New Brunswick. Den austlege grensa er markert av ei linje mellom East Point på Prince Edward Island og Inverness i Nova Scotia. Større busetjingar langs sundet er Charlottetown og Summerside på Prince Edward Island i tillegg til Souris på Prince Edward Island, Pictou i Nova Scotia og Shediac i New Brunswick.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Northumberland Strait» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2016.