Hopp til innhald

Niccolò Piccinni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niccolò Piccinni

Fødd16. januar 1728
FødestadBari
Død7. mai 1800 (72 år)
DødsstadPassy, Paris
Sjangeropera
Verka somkomponist, musikkpedagog, universitetslærar
BornLuigi Piccinni

Niccolò Piccinni (16. januar 17287. mai 1800) var ein italiensk klassisk komponist.

Piccinni fekk opplæring av Leonardo Leo og Francesco Durante. Han produserte sin fyrste opera, Le Donne dispettose, i 1755, og sin fyrste opera seria, Zenobia, i 1756. Piccinni fekk den største suksessen sin med den komiske operaen La buona figliuola frå 1760. Han blir sagt å ha produsert over 300 operaer, noko ein kan sjå på som eit overdrive tal, men han var uansett produktiv. Blant dei andre operaene hans kan nemnast La pescatrice (1766), Roland (1778), Atys (1780), Iphigénie en Tauride (1781), Didon (1783) og La Griselda (1793).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]