Hopp til innhald

Southwold

Koordinatar: 52°20′N 1°41′E / 52.333°N 1.683°E / 52.333; 1.683
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Southwold

Fyret frå North Parade
Fyret frå North Parade
Fyret frå North Parade
Plassering
Southwold is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Suffolk
Distrikt Waveney
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 458
Koordinatar 52°20′N 1°41′E / 52.333°N 1.683°E / 52.333; 1.683
Diverse annan informasjon
Postnummer IP18
Telefon-retningsnummer 0 1502
Commons har multimedium som gjeld: Southwold

Southwold er ein by ved kysten av Nordsjøen i grevskapet Suffolk i England. Han har kring 1500 innbyggjarar og ligg ved munningen til elva Blyth innanfor Suffolk Coast and Heaths AONB. Byen ligg kring 18 km sør for Lowestoft og 47 km nordaust for Ipswich.

Byen er først nemnd i Domesday Book frå 1086 som ei fiskehamn. Etter at endringar i landskapet gjorde hamna i Dunwich like ved ufarbar, voks Southwold som handselsby på 1400-talet, og fekk bybrev av Henrik VII i 1489.[1] I løpet av dei neste hundreåra bygde ein rullesteinsbanke seg opp ved den omskiftelege elvemunningen, og Southwold vart mindre viktig att.[2] Byen blei råka av ein brann i 1659 som øydela fleire bygningar. Då desse ikkje blei bygde opp att, fekk han fleire opne, grøne område som framleis finst i dag.

  • Denne artikkelen bygger på «Southwold» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2011 og 17. september 2013.
    • Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:
  1. Norman Scarfe, Suffolk in the Middle Ages: Studies in Places and Place-Names, 2004:161
  2. W. Whitaker, The Geology of Southwold, and of the Suffolk coast from Dunwich to Covehithe: (Explanation of sheet 49 N.) 1887: "Coast deposits" pp 45ff