Hopp til innhald

Sosiolekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein sosiolekt er ein språkvariant som ei særskilt sosial eller yrkesmessig gruppe eller ein samfunnsklasse brukar. Ein sosiolekt skil seg dermed frå ein dialekt, som er språkvariantar som vert snakka i eit visst geografisk område. Ein finn sosiolektar særleg i byane, som har fleire og tydelegare definerte befolkningssjikt og yrkesgrupper enn distrikta.