Salalah
Salalah | |||
صلالة | |||
by | |||
Gate i Salalah
| |||
Land | Oman | ||
---|---|---|---|
Muhafadha | Dhofar | ||
Koordinatar | 17°01′11″N 54°05′23″E / 17.01972°N 54.08972°E | ||
Folketal | 197 169 (2009) | ||
Tidssone | Oman standard time (UTC+4) | ||
Salalah 17°01′11″N 54°05′23″E / 17.019722222222°N 54.089722222222°E | |||
Kart som viser Salalah.
| |||
Wikimedia Commons: Salalah | |||
Nettstad: www.OMANet.om |
Salalah (arabisk صلالة, Ṣalālah) er ein by og regionssenter sør i Oman, i regionen Dhofar. I 2009 hadde Salalah 197 169 innbyggjarar.[1]
Salalah er den nest største byen i Oman og den største byen i Dhofar. Salalah er fødestaden til sultan Qaboos bin Said. Mange folk kjem frå andre stader av Oman og Golfstatane under Khareef-tida, som er frå juli til september.
Klimaet i regionen og monsunen gjer at ein kan dyrke noko grønsaker i området og frukt som kokosnøtt.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Salalah var den tradisjoenlle hovudstaden i Dhofar, som nådde høgast velstande på 1200-talet på grunn av røykjelseshandelen. Seinare vart han mindre viktig og på 1800-talet vart han ein del av sultanatet Muscat. Frå 1932 til 1970 var Salalah hovudstaden i sultanatet Muscat og Oman, under Said bin Taimur. Då Taimur døydde, flytta sonen hans, Qaboos, hovudstaden til Muscat.
Sultanane i Oman har ofte heller budd i Salalah enn i Muscat, som er hovudstad og den største byen i Oman, men den noverande sultanen Qaboos, har snudd denne trenden og har budd i Muscat sidan han tok over trona i 1970. Han vitjar derimot Salalah ganske ofte for å møte lokale leiarar og stammefolk.
I 2011 var det fredlege demonstrasjonar i byen under den arabiske våren, som varte i mange månader. Demonstrantane bad om betre levevilkår, at somme ministrar burde gå av og opprettinga av islamske bankar.
Bydelar og forstader
[endre | endre wikiteksten]- Nye Salalah
- Aust-Salalah
- Vest-Salalah
- Al-Gantra
- Sør-Auqad
- Nord-Auqad
- Al-Haffa
- Dahariz
- Al-Saada (nord og sør)
- Sahlnoot
- Ittin
- Raysut
- Al Wadi
- Al Chouq
- Bysentrum
- Al Mughsayl
Klima
[endre | endre wikiteksten]Byen har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh), men somrane er ikkje like varme som i nord eller i innlandet av Oman. Salalah har ofte skya vêr under monsuntida frå juli til august, men sjølv då kjem det lite nedbør.
Vêrdata for Salalah | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 32,3 | 33,8 | 36,7 | 43,6 | 42,3 | 43 | 32,7 | 31,3 | 33 | 40,1 | 37,4 | 34,2 | 43,6 |
Gjennomsnittleg maks °C | 25,5 | 26,9 | 29,9 | 31,7 | 32,4 | 31,8 | 28,4 | 27,3 | 29 | 30,5 | 29,8 | 27,7 | 29,2 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 22,9 | 23,7 | 25,5 | 27,6 | 29 | 29 | 26,4 | 25,2 | 26,3 | 26,3 | 25,9 | 23,9 | 26 |
Gjennomsnittleg min °C | 17,9 | 19,2 | 21 | 23,4 | 25,6 | 26,5 | 24,2 | 23,1 | 23,4 | 21,6 | 20,4 | 18,8 | 22,1 |
Lågast målte °C | 12,6 | 10,8 | 14,5 | 18 | 20,6 | 23,5 | 21,9 | 20,5 | 19,1 | 16,5 | 15 | 14,1 | 10,8 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 2,2 | 7 | 6,3 | 19,8 | 17,1 | 10,6 | 24,6 | 24,5 | 4,1 | 4,1 | 9,6 | 1,1 | 131 |
Gns. luftfukt (%) | 50 | 58 | 62 | 68 | 75 | 80 | 89 | 90 | 81 | 67 | 55 | 50 | 69 |
Gns. solskinstimar i månaden | 289,6 | 256,8 | 297,6 | 308,3 | 335,1 | 199,5 | 43,9 | 42,4 | 188 | 314,7 | 304,7 | 296,8 | 2 877,4 |
Kjelde: NOAA (period of record varies, see source) [2] |
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]APM Terminals, ein del av A.P. Moller-Maersk Group frå Danmark, driv hamna i Salalah, som er ei av dei største hamnene på Den arabiske halvøya. Hamna ligg sør for byen og er den største private sysselsetjaren i Dhofar. Salalah frisone like ved hamna har dukka opp som eit nytt senter for tungindustri i Midtauasten.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Salalah er heimbyen til somme av dei beste fotballaga i Oman. I alt er det fire idrettsklubbar i byen: Salalah Club, Al-Ittihad, Al-Nasr og Dhofar.
Dhofar F.C. vert kalla «Al-Zaeem» eller «Leiarane», fordi dei har ein enorm dominans i omansk fotball. Andre populære idrettar i Dhofar er volleyball og handball. Al-Nasr har òg hatt stor suksess innan fotball, og vunne den omanske ligaen fem gonger, og den nasjonale cupen fire gonger.
Salalah har i dag to stadion, Salalah Sports Complex og Al-Saadah stadion. Sistnemnde vert berre nytta til fotball.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Fly
[endre | endre wikiteksten]Salalah lufthamn har ruter til Muscat og somme regionale byar i Qatar, Kuwait, U.A.E, Bahrain og Saudi-Arabia. Oman Air, det nasjonale flyselskapet har fem daglege ruter mellom Salalah og Muscat, og to ruter til Dubai i veka. Qatar Airways har fire ruter i veka frå Salalah til Doha. Det finst òg ei rute i veka frå Kochi / Kozhikode (Calicut) & Thiruvananthapuram i India. Under monsuntida er det fleire vekentlege ruter til andre internasjonale destinasjonar, som Sverige.
Kollektivtrafikk
[endre | endre wikiteksten]Salalah har ikkje eit kollektivtrafikksystem innafor bygrensene. Men det går langdistansebussar dagleg frå Salalah til Haima, Muscat, Nizwa, Al-Buraimi, Dubai, Al-Ain, Al-Ghaydah, Al-Mukalla g Seiyun, i tillegg til PDO-stader som Marmul.
Andre former for transport i Salalah er taxiar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Satellittbilete av Salalah
-
Al-Baleed arkeologipark
-
Kysten ved Al-Mughsayl
-
Al Hafa-vegen, nær Salalah
-
Røykjelseshandel i Salalah
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Salalah» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «World Gazetteer: Şalālah – profile of geographical entity inkludert name variants». Archive.is. Arkivert frå originalen 8. desember 2012. Henta 4. juni 2016.
- ↑ «Salalh Climate Normals». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta January 16, 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Salalah på omanet.om Arkivert 2010-08-25 ved Wayback Machine.
- Salalah - City of the Prophets Arkivert 2008-06-27 ved Wayback Machine.
- Hamna i Salalah
- Salalah frisone