Hopp til innhald

Salsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå salsa til mat.
Salsadans

Salsa er ein musikk- og dansestil. Musikksjangeren har utvikla seg frå forskjellige afro-kubanske musikkstilar som son, mambo, cha cha cha, guaracha etc. Salsa som omgrep utvikla seg i den latinske busetnaden i New York1960-talet og består av dei nemnde kubanske musikksjangrane, i tillegg til innslag frå andre karibiske land som f.eks. Puerto Rico (bomba og plena).

Salsa er òg blitt populært i resten av verda med dansekurs i forskjellige stilretningar.

Ein viktig musikalsk byggjestein i salsamusikken er clavesrytmen, ein synkopert figur med 3 slag i éin takt og 2 i neste.

La Descarga leidd av Sverre Indris Joner vert rekna som det første orkesteret som spelte salsa i Noreg. I Bergen eksisterte tidlegare òg latinjazz-bandet Son Mu, leidd av Knut Kristiansen, som òg spelte salsa-relatert musikk.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.