Saslonch
Utsjånad
Saslonch | |||
fjell | |||
Saslonch sett frå nordvest
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Granitt | ||
Fjellkjede | Dolomittane | ||
Høgd | 3 181 moh. | ||
Primærfaktor | 1 124 m | ||
Førstestiging | 13. august 1869 | ||
Koordinatar | 46°19′N 11°26′E / 46.31°N 11.44°E | ||
Saslonch 46°31′29″N 11°44′07″E / 46.524722222222°N 11.735277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Langkofel |
Saslonch (ladinsk; italiensk Sassolungo, tysk Langkofel; alt tyder «Langfjellet») er ein 3 181 meter over havet høg fjelltopp i Dolomittane i Nord-Italia. Fjellet skil dalane Gherdëina i Sør-Tirol i nord frå Fascia i Trentino i sør.
Saman med mellom andre Grohmannspitze (3126 moh.) og Sasplat (Sassopiatto/Plattkofel, 2969 moh.) utgjer Saslonch det som vert kalla Saslonchmassivet. Massivet grensar til Sciliër i vest, til Sela i aust, og til Ciadenac i sørvest.
Ein topptur krev mykje skarpklatring. Paul Grohmann vart i 1869 fyrstemann til topps.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Langkofel» frå Wikipedia på tysk, den 14. mars 2017.