Hopp til innhald

Serbisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serbisk
српски srpski
Klassifisering Indoeuropeisk
 Slavisk
  Sørslavisk
   Vestleg
    (Serbokroatisk)
Talarar Serbarar
Bruk
Tala i Serbia, Kosovo, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Romania og Tyrkia
Skriftsystem Det serbiske alfabetet (kyrillisk); det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 sr
ISO 639-3 srp
Wikipedia på serbisk

Serbisk er eit slavisk språk som vert snakka i Serbia, Montenegro og Bosnia-Hercegovina. Det er særleg knytt til serbarar.

Utbreiing av dei serbokroatiske språka med serbisk avmerkt i gult.

Serbisk vart tidlegare kalla serbokroatisk, serbisk eller kroatisk, og hadde tre uttalevariantar (ekavisk, ijekavisk og ikavisk). Eit døme på dette er «mjølk», som på ekavisk vert «mleko», på ijekavisk «mlijeko» og på ikavisk «mliko». Serbisk og kroatisk er no skild frå kvarandre. Den ekaviske varianten av serbisk er mest nytta i Serbia og delvis i Montenegro, medan den ijekaviske varianten vert snakka i Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Kroatia. Kroatisk språk er bygd på ijekavisk (Sentral-Kroatia) og ikavisk (Dalmatia, Istria, Bosnia).

Det serbiske alfabetet nyttar kyrillisk skrift med enkelte spesialbokstavar, medan i Bosnia, Kroatia og Montenegro nyttar ein latinske bokstavar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]