Sisselsporv
Sisselsporv | |
Frå Missouri, USA, mai 2008 | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av sisselsporv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kardinalar Cardinalidae |
Slekt: | Spiza |
Art: | Sisselsporv S. americana |
Vitskapleg namn | |
Spiza americana |
Sisselsporv (Spiza americana) er ein fugl i kardinalfamilien. Han er ein sterk trekkfugl, hekkar i sentrale USA og lever vinterstid i Mellom-Amerika og nordlegaste Sør-Amerika. Arten er monotypisk, utan underartar, og dessutan einaste arten i slekta si.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er ein mellomstor medlem av kardinalfamilien, ca. 15,5 centimeter. Som vanleg for kardinalar syner dei kjønnsdimorfisme i fjørdrakta.
Grunnfarga er brunt og grått. Hannar i hekkedrakt har ei gul augebrynstripe som startar ved nebbrota. Stripa er bleik, nesten kvit i begge ender. Hovud elles grått. Han har ei kvit og gul mustasjestripe, kvit hake over svart strupe, under det igjen gult i brystet. Oversida er dominert av grått med mykje brunt på vengene. Hofuglar er som ei bleika utgåve av hannar, men har tydeleg gult fargeskjær i bryst og på heile undersida.
Hekkeområde er i USA med eit sentralt kjerneområde og eit langt vidare område med spreidd hekking nordaust til Dei store sjøane og litt inn i sørlegaste sentrale provinsar av Canada. Overvintring skjer i nordlegaste Sør-Amerika og langs stillehavskysten av Mellom-Amerika. Opptil 30 % av populasjonen, nær 3 millionar individ, kan samlast i ein flokk i Venezuela.
Dette er ein art som trivst i grasdekte område, habitata er opne, i hekketida t.d. på prærie. Dei er insektetarar i hekketida elles er føda i stor grad vegetabilsk.
Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[1]
- Spontant i Noreg
Det finst ein einaste observasjon av sisselsporv i Noreg, tilbake til 1981 i Måløy, Sogn og fjordane.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Brewer, D. (2019) Dickcissel (Spiza americana) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. oktober 2019
- Referansar
- ↑ BirdLife International (2019) Species factsheet: Spiza americana. Henta frå http://www.birdlife.org den 5. oktober 2019
- ↑ «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 5. oktober 2019.