Hopp til innhald

Spellemannprisen 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1991 blei delt ut våren 1992. Dance With A Stranger vann prisen for Årets spellemann og fekk dermed den tredje statuetten sin. Både Leif Ove Andsnes og Truls Mørk vann den første prisen sin dette året. Dei blei seinare to av dei mestvinnande innan Spellemannprisen med respektive åtte og fem prisar. Mørk vann i klassen «kammermusikk» som blei delt ut for første gong. Det blei ikkje delt ut pris for «årets nykomar» dette året. Denne utdelinga er kanskje mest kjend for at Joachim Nielsen mottok prisen sin i tydeleg rusa lag.

Klasse Artist Tittel
Pop Tre Små Kinesere Luftpalass
Rock Jokke & Valentinerne Frelst
Folkemusikk/gammaldans Sør-Fron Spelemannslag Den lykkelige frier
Jazz Masqualero Re-enter
Roots & country Rick Danko/Jonas Fjeld/Eric Andersen Rick Danko/Jonas Fjeld/Eric Andersen
Underhalding Arthur «Oluf» Arntzen Latterkula
Kammermusikk Truls Mørk/Håkon Austbø Verker av Franck, Chausson, Debussy, Poulenc
Orkester-og kormusikk Leif Ove Andsnes/Bergen Filharmoniske Orkester Grieg: Piano Konsert/Liszt: Piano Konsert Nr.2
Visesong Kari Bremnes Spor
Open klasse Knut Reiersrud/Iver Kleive Blå koral
Barneplate Anne Cath. Vestly Marte og mormor og mormor og Morten 1-4
Årets spellemann Dance With A Stranger