Storforshei
Utsjånad
Storforshei | |||
tettstad | |||
Frå Storforshei
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Rana | ||
Areal | 0,76 km² | ||
Folketal | 592 (2023) | ||
Folketettleik | 779 / km² | ||
Postnummer | 8630 STORFORSHEI | ||
Storforshei 66°24′17″N 14°31′43″E / 66.40478°N 14.5286°E | |||
Wikimedia Commons: Storforshei |
Storforshei er ein tettstad i Rana kommune, ca. 2 mil nord for Mo. Staden har ei historie som er tett knytt opp mot gruveverksemd. Dunderland Iron Ore Company starta gruvedrift ved Storforshei i 1902, seinare har Rana gruber drive ut malm her. Malmen frå Storforshei var ei tid nytta i produksjonen til Norsk jernverk. Elles har malmen vorte skipa ut frå Mo. I dag har staden skule og butikk. Nevernes kyrkje ligg nokre kilometer lenger opp i Dunderlandsdalen. Motorsportanlegget Arctic Circle Raceway (ACR) ligg ved Storforshei.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.