Sven Tore Jacobsen
Sven Tore Jacobsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. august 1953 (71 år) |
Idrett | handball |
Utmerkingar | Olavstatuetten |
Sven Tore Jacobsen (fødd 18. august 1953) er ein tidlegare næringslivleiar, handballspelar og -trenar frå Oslo. Han var landslagssjef for Noregs kvinnelandslag i handball frå 1984 til 1993. Han leia landslaget til sølv- og bronsemedaljar i fire internasjonale meisterskap, så som sølv i Sommar-OL 1988 og Sommar-OL 1992. Javobsen vart tildelt Olavstatuetten i 1994.
Jacobsen spelte på Refstad IL sitt handballag frå 1971. Med laget frå Oslo vart han seriemeister tre gongar. I 1979 fekk han jobb og flytta til Trondheim, byrja spele på SK Rapp. Etter å ha vore spelande Rapp-trenar ei tid, tok han sommaren 1981 trenarjobben i Sverresborg IF. Han leia kvinnelaget til triumf i noregsmeisterskapen 1982. Frå 1984 var han norsk landslagssjef på kvinnesida. To år seinare overraska landslaget med å vinne bronsemedaljen i Handball-EM 1986, fyrste gongen eit norsk handballag sikra seg ein internasjonale medalje. Åra framover etablerte det norske mannskapet seg i verdstoppen, sanka sølvmedaljar i to sommar-OL og bronse i Handball-VM 1993 på heimebane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sven Tore Jacobsen» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juni 2024.