Hopp til innhald

Papuansk kina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Papuanske kina-setlar og myntar.
5 kina-mynten.

Kina (valutakode: PGK) er valutaen i Papua Ny-Guinea. Valutaen er delt inn i 100 toea. Namnet kina kjem frå kuanuaspråket og refererer til perleskjel som blei nytta som valuta.

Papuansk kina blei innført 19. april 1975 og erstatta australsk dollar i overgangsfasen før Papua Ny-Guinea fekk sjølvstende frå Australia 16. september 1975. Den australske dollaren slutta å være gangbar valuta i Papua Ny-Guinea 1. januar 1976. Tidlegare har både Ny-Guineapund (australsk kolonivaluta) og Ny-Guineamark (tysk kolonivaluta) vore brukt.

I 1975 blei myntar sette i sirkulasjon, i valørane 1, 2, 5, 10 og 20 toea i tillegg til 1 kina. Myntane for 1 og 2 toea blei prega i bronse, medan dei resterande myntane blei prega i koparnikkel. 1 kina-mynten er rund med hol i midten; mynten blei redusert i storleik i 2006 og den større mynten blei ugyldig som betalingsmiddel frå 31. desember 2008. I 2006 blei myntane for 1 og 2 toea tatte ut av sirkulasjon og blei ugyldige som betalingsmidlar frå 19. april 2007. Framsida av ein 1 toea-mynt viste ei fuglevinge, medan ein 2 toea-mynt viste ein drakefisk.[1] I 1980 blei 50-toeamynten introdusert, men berre gjeven ut i minneform utan standarddesign. I 2021 blei 50-toeamynten sett i sirkulasjon, med fuglefangar-motivet som blei brukt på den tidlegare 1 toea-mynten.[2]

Valør I sirkulasjon
siden
Legering Form Diameter Rand Framside Bakside
Ring Senter
5 toea
1975
Koparnikkel
Rund
19,5 mm
Rifla
10 toea
1975
Koparnikkel
Rund
23,7 mm
Rifla
Riksvåpen
20 toea
1975
Koparnikkel
Rund
28,6 mm
Rifla
Riksvåpen
50 toea
1980
Koparnikkel
Heptagonal
30 mm
Glatt
Minnesmerke
Riksvåpen
1 kina
1975
Koparnikkel
Rund
27,5 mm
Rifla
Riksvåpen

Den 19. april 1975 blei setlar sette i sirkulasjon, i valørane 2, 5 og 10 kina, som erstatta den australske dollaren. Kina-setlane var i sirkulasjon saman med den australske dollaren fram til 1. januar 1976, då dollaren slutta å vere gangbar betalingsmiddel. 20 kina-setelen blei introdusert i 1977, 50 kina-setelen i 1988 og 100 kina-setelen i 2005. Fargene på dei forskjellige valørane er dei same som dei gjeldande og tidlegare australske dollarsetlane. Frå og med 1991 har dei papuanske setlane blitt trykte på polymer. I 2009 gav Bank of Papua New Guinea ut Kina & Toea Day-minnesetlar, som blei trykte på papir.[3]

Ein ny serie med setlar blei i ein periode frå 1999 til 2008 sette ut i sirkulasjon. Den fyrste setelen var 50 kina-setelen i 1999, etterfølgd av 1000 kina-setelen i 2005, 2 og 20 kina i 2007 og 5 og 10 i 2008.[4][5][6][7][8][9] Dette førte til at samtlege valørane av kinasetlane blei gjevne ut i polymer. Bank of Papua New Guinea slutta å akseptere papirsetlar frå 31. desember 2014 og er ikkje lenger gangbar som betalingsmiddel.[10]

Papuanske kina-setlar (1975-serien)
Bilete Valør Framside Bakside Merknadar
[1] 2 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Artefaktar Kvitt trykk på alle hjørna av setelen
[2] 5 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Maske Kvitt trykk på alle hjørna av setelen
[3] 10 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Skål, ring, artefaktar Kvitt trykk på alle hjørna av setelen
[4] 20 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Villsvin, sjøsnigel Kvitt trykk på alle hjørna av setelen
Papuanske kina-setlar (1981-serien)
Bilete Valør Framside Bakside Merknadar
[5] 2 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Artefakter Farga trykk på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området.
[6] 5 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Maske Farga trykk på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området.
[7] 10 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Skål, ring, artefaktar (Fyrste utgpve): Lysare fargetonar brukt på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området.
[8] 10 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Skål, ring, artefakter (Andre utgåve): Mørkare fargetonar brukt på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området; tillegg av registreringseininga på høgre side av setelen
[9] 20 kina Paradisfugl, spyd, utskoren "timeglas"-tromme (typisk for høglandet og det årlege Goroka-showet) Villsvin, sjøsnigel Farga trykk på heile setelen, med unnatak av vassmerke-området.
[10] 50 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Statsminister Michael Somare (1936–2021)
Papuanske kina-setlar (noverande serie)
Bilete Valør Framside Bakside Merknadar
[11] 2 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Artefaktar Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte.
[12] 5 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Maske Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte.
[13] 10 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Skål, ring og artefaktar Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte.
[14] 20 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Villsvin, sjøsnigel Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte.
[15] 50 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Statsminister Michael Somare Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte.
[16] 100 kina Parlamentsbygget i Port Moresby Tankskip, fly, lastebil, radiotårn Trykt på polymer og dei to fyrste siffera i serienummeret er dei to siste siffera i året setlane er trykte.