Pellworm
Utsjånad
Pellworm Lokalt namn Pälweerm | |
---|---|
Fyr på Pellworm | |
Geografi | |
Stad | Vadehavet i Nordsjøen |
Koordinatar | 54°31′N 08°38′E / 54.517°N 8.633°E |
Øygruppe | Dei nordfrisiske øyane
|
Areal | 37,44 km²
|
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Delstat Landkreis |
Schleswig-Holstein Nordfriesland
|
Demografi | |
Folketal | 1 136 (2006) |
Folketettleik | 30 /km² |
Pellworm (dansk Pelvorm, frisisk Polweerm eller Pälweerm) er ei av Dei nordfrisiske øyane i Nordsjøen ved kysten av Tyskland. Ho er ein del av landkreis Nordfriesland i delstaten Schleswig-Holstein, og har eit areal på 37 km² og om lag 1 100 innbyggjarar.
I mellomalderen var Pellworm del av ei større øya kalla Strand, som vart delt i fleire delar av Burchardiflaumen i 1634. Andre restar av Strand er Nordstrand og Halligen.
Pellworm har ferjesamband med naboøya Nordstrand, som igjen er forbunde til fastlandet via ei vegfylling.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pellworm» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2007.