Réaumurskalaen
Utsjånad
Réaumurskalaen er ein temperaturskala der smeltepunktet til is er sett lik 0° og kokepunktet til vatnet lik 80°, slik at ei grad réaumur (1 °r) = 5/4 °C. Skalaen vart foreslått av René Antoine Ferchault de Réaumur og var lenge i bruk i Frankrike, i ein periode òg i Tyskland og Russland. Skalaen er ikkje lenger i bruk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Réaumurskalaen. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/r%C3%A9aumurskalaen.