Hopp til innhald

Ron Malo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ron Malo
Fødd 29. august 1935
Død

15. august 1992 (56 år)

Yrke audioingeniør

Ronald «Ron» Clements Malo (29. august 193515. august 1992) var ein amerikansk lydteknikar som arbeidde ved Chess Studios i Chicago frå 1959 til 1970. Han var lydteknikar på dei første innspelingane til The Rolling Stones i Chicago i USA i juni 1964 på songar («It's All Over Now», «I Can't Be Satisfied», «Look What You've Done», «Around and Around», «Down the Road a Piece» etc.) som kom ut på albuma 12 X 5, The Rolling Stones, Now! and December's Children (And Everybody's).

Malo arbeidde med mange blues- og R&B-artistar som Bo Diddley, Etta James, Sonny Boy Williamson og Chuck Berry, i tilleggg til jazzartistar som Cannonball Adderley. Han arbeidde sidan med Muddy Waters, Howlin' Wolf, Buddy Guy og John Lee Hooker.[1] I 1970-åra arbeidde ha med Billy Joel og Bobby Goldsboro.