Ragnar
Utsjånad
Ragnar er eit gammalt nordisk mannsnamn. Det er sett saman av «Ragn-», ei ordlekk som er skyld Regin eller Gamalgermansk Reiks (landsstyrar eller rådar, ofte nytta om gudar), og «-ar», ei samantrekking av Harjar som kan tyda hærførar eller krigar. Den fulle tydinga av namnet er då «gudekjempe» eller «gudekrigar». Den kvinnelege forma av Ragnar er Ragna. Ragne er ei kortform.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Ragnar var i bruk i kongsætta i vikingtida, men var ikkje i bruk igjen før på 1800-talet (sjå nasjonalromantikken). Var middels populær i første halvdel av 1900-talet, men vert lite brukt i namngjeving no.
I 2009 var det 5 314 menn som heitte Ragnar i Noreg.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Ragnar Lodbrok, nordisk sogekonge (800-talet)
- Ragnar Frisch (1895–1973), norsk økonom
- Ragnar Solberg (1898-1967), norsk lyrikar
- Ragnar Grimsrud (1902-1988), norsk keramikar
- Ragnar Vigdal (1913–1991) , norsk folkemusikar
- Ragnar Christiansen (f. 1922), norsk politikar (Ap)
- Ragnar Rommetveit (f. 1924), norsk psykologiprofessor
- Ragnar Kalheim (1926–1974), norsk fagforeiningsleiar og sosialist
- Ragnar Frislid (1926-1999), norsk fotograf og forfattar
- Ragnar Hoen (f. 1940), norsk sjakkspelar
- Ragnar Kvam jr. (f. 1942), norsk eventyrar og forfattar
- Ragnar Sandbæk (f. 1945), norsk forfattar
- Ragnar Thorseth (f. 1948), norsk eventyrar og forfattar
- Ragnar Olsen (f. 1950), norsk forfattar og visemusikar
- Ragnar Hovland (f. 1952), norsk forfattar
- Ragnar Rasmussen (f. 1966), norsk dirigent
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Ragnar hjå Statistisk Sentralbyrå