Randverdi
Utsjånad
Ein randverdi er verdien av ein matematisk eller fysisk storleik på randa eller overflata av eit område. I fysiske problem er randverdien ofte gjeve til dømes for temperatur, elektrisk potensial og liknande. Ut frå randverdiane kan storleiken ofte bereknast for resten av området, eit såkalla randverdiproblem.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Randverdi. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/randverdi.