Respirasjonssystem
Utsjånad
Respirasjonssystem i ulike organismar er celler og organ som syter for anding, det vil seie at oksygen og karbondioksid blir utveksla mellom organismen og omverda. Dyr andar inn oksygen og skil ut karbondioksid. I pattedyr omfattar systemet luftvegar som nase, munn og svelg, lungene og musklar. I andre dyr, som amfibium, skjer noko av gassutvesklinga gjennom huda.
Også plantar har respirasjonssystem, men dei kan også utveksla gass andre vegen, altså ta opp karbondioksid og skilja ut oksygen. Ein del plantar nyttar spalteopningar på undersida av blada som del av sitt respirasjonssystem.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Respiratory system» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]«respirasjon» i Store norske leksikon, snl.no.
«respirasjon (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.