Won't Get Fooled Again
Won't Get Fooled Again Singel av The Who frå albumet Who's Next | ||
B-side |
I Don't Even Know Myself | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. juni 1971 | |
Innspelt | April og mai 1971 | |
Studio |
| |
Sjanger | Hardrock[1] | |
Lengd |
| |
Selskap | ||
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
Produsent |
| |
The Who-kronologi | ||
«See Me, Feel Me» (1970) |
Won't Get Fooled Again | «Let's See Action» (1971)
|
«Won't Get Fooled Again» er ein song av rockebandet The Who frå albumet Who's Next frå 1971. Han er skriven av Pete Townshend og kombinerer powerakkordar på gitaren med handsama orgel og synthesizer songen gjennom.
Songen fortel om ein «revolusjon av revolusjonar» i ein endelaus syklus, der «the change it had to come, we knew it all along» (‘endringar måtte kome, vi visste det heile tida’), men kvart nye regime viser seg å vere akkurat som det gamle, så då er det berre å ‘ta gitaren og spele, akkurat som i går, så går eg ned på kne og ber om at vi ikkje vert narra igjen’ («pick up my guitar and play, just like yesterday, then I'll get on my knees og pray we don't get fooled again»). Songen vart gjeven ut på singel i 1971, kraftig kutta ned til tre og eit halvt minutt. Singelen nådde niandeplass i Storbritannia og 15. plass i USA.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Pick up my guitar and play
Pete Townshend
|
Songen kom først ut på albumet Who's Next og har sidan dukka opp på mange andre innspelingar, mellom anna ei konsertutgåve for filmmusikken til The Kids Are Alright, ein dokumentarfilm frå 1979 om bandet. Innspelinga vart filma i Sheppterton filmstudio i 1978 og var den siste songen dei fire orignalmedlemmene skulle spele i lag.
Songen er kjend for den hakkete orgellyden opp mot powerakkordane frå gitaren som fører fram til eit lang synthesizer-mellomspel, der trommene etter kvart kjem tordnande inn at i lag med eit langt skrik frå Roger Daltrey. Townshend speler akkordar på dei to tangentbretta på eit Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1 orgel frå 1968. Lyden frå orgeleg går gjennom ein lågfrekvent oscillator (LFO) som kontrollerer frekvensen til eit spenningsreguleringsfilter (VCF), med ein sinus- eller triangelforma bølgjeform. Med andre ord forvandlar synthesizeren lyden frå orgelet frå mjukt til skarpt, opp og ned automatisk. Det finst bilete av Townshend som spelar på dette instrumentet, samt ein video der han demonstrerer korleis lyden vart skapt.[2] John Entwistle nytta ein Fender Precision Bass som han sjølv lagde ut av fem andre bassgitarar, og som han passande nok kalla «Frankenstein».[3]
Den originale albumutgåva varer om lag åtte og eit halv minutt, medan ei langt kortare utgåve vart gjeven ut på singel, pg i tillegg på nokre samleplater, som Who's Better, Who's Best.
Dette var den siste songen som Keith Moon spelte med The Who, den 25. mai 1978 i Shepperton Studios. Songen vart spelt både på Live Aid og 20 år seinare på Live 8. Townshend samarbeiidde og i lag med den klassiske gitaristen John Williams på ei akustisk utgåve for Amnesty International-showet The Secret Policeman's Ball i 1979. Deluxe-utgåva av Who's Next (frå 2003) inneheld ei tidleg utgåve av songen med ein annan struktur go Leslie West på sologitar. Det finst fleire konsertutgåver av songen på plate. I tillegg til The Kids Are Alright-albumet finn ein konsertutgåver på deluxeutgåva av Who's Next frå Young Vic i 1971 og på Live At The Royal Albert Hall frå 2000 med Noel Gallagher som gjesteartist. Bandet spelte òg songen i 2001 på The Concert for New York City.
Roger Daltrey, John Entwistle og Townshend har alle spelt songen på solokonsertar. Townshend har radikalt omarrangert songen fleire gonger, og spelt songen i alt frå akustiske utgåver til techno.
Songen vart spelt av Van Halen på konsertalbumet deira Live: Right Here, Right Now i 1993.
Mediabruk
[endre | endre wikiteksten]Film og fjernsyn
[endre | endre wikiteksten]«Won't Get Fooled Again» har vorte nytta i mange filmar, mellom andre Summer of Sam, Outside Providence, Confessions of a Dangerous Mind, Bewitched, Blackball og to gonger i filmen Tenacious D in The Pick of Destiny.
Michael Moore bad om løyve til å nytte songen over rulleteksten på dokumentaren hans Fahrenheit 9/11, men han fekk det ikkje og Neil Young sin «Rockin' in the Free World» vart nytta i staden for.
«Won't Get Fooled Again» vart nytta i ein reklamefilm i 2000 for Nissan Maxima, og seinare i ein epsiode av The Simpsons («A Tale of Two Springfields»), der The Who er gjestar.
«Won't Get Fooled Again» vart kjenningsmelodien til CBS-serien CSI: Miami. Her er òg episode 2 i sesong 7 kalla «Won't Get Fueled Again». Kvar episode av serien opnar med ein teaser som vanlegvis endar med stjerna David Caruso som seier noko dramatisk før det brått vert klippa til skriket til Daltrey.
Ein episode av den populære komiserien That '70s Show heiter «Won't Get Fooled Again».
Videospel
[endre | endre wikiteksten]Songen er nytta i videospelet Rock Band og vert nytta som den siste trommesongen spelaren må slå i solokarriere-modus.
Parodiar
[endre | endre wikiteksten]- «Weird Al» Yankovic har spelt inn ein parodi av songen som heiter «Won't Eat Prunes Again».[4]
- TISM hadde songen som ei B-side til singelen «Honk if You Love Fred Durst» kalla «Won't Get Fooled Again, Again».
- Det kristne parodibandet ApologetiX har gjeve ut ein parodi av songen som heiter «Won't Get Born Again».
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]- Den kanadiske klassisk rock-radiostasjonen Q107 rangerte songen på 26. plass over dei 500 beste rockesongane gjennom tidene.[5]
- Songen er vorte kalla den beste konservative rockesongen.[6]
- Musikkmagasinet Q plasserte songen på 7. plassen på lista deira over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.
- 17. plassen på lista til VH1 over dei 100 største rockesongane[7]
- Songen var den første som vart omtalt i serien til Blender Magazine kalla The Greatest Songs Ever!.[8]
- Musikkmagasinet Rolling Stone hadde songen på 134. plassen på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene.
- I 2009 vart han plassert på sjetteplass av VH1 på lista over dei største hardrocksongane gjennom tidene.[9]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Roger Daltrey – solovokal
- Pete Townshend – elektrisk gitar, akustisk gitar, EMS VCS 3, Lowrey organ, vokal
- John Entwistle – bassgitar
- Keith Moon – trommer
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Won't Get Fooled Again» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Cavanagh, David (2015). Good Night and Good Riddance: How Thirty-Five Years of John Peel Helped to Shape Modern Life. Faber & Faber. s. 158. ISBN 9780571302482.
- ↑ YouTube-video av Pete Townshend som demonstrer orgellyden
- ↑ http://www.thewho.net/whotabs/equipment/bass/equip-entwistlegear-67-71.html#s1967
- ↑ com-www.com/weirdal/
- ↑ Q107 Top 500 Classic Rock Songs of All Time, arkivert frå originalen 16. april 2009, henta 29. juni 2009
- ↑ John J. Miller om musikk i National Review Online, arkivert frå originalen 16. oktober 2009, henta 29. juni 2009
- ↑ Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Rock Songs: 1-50
- ↑ Blender Magazine
- ↑ «spreadit.org music». Henta 30. juni 2009.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Hits of the World». Billboard: 45. 25. september 1971. Henta 19. januar 2015.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Won't Get Fooled Again". Irish Singles Chart. Retrieved 10. januar 2018.
- ↑ 13,0 13,1 Neill & Kent 2002, s. 284.
- ↑ «Cash Box Top 100 9/18/71». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 7. juni 2015. Henta 13. januar 2018.
- ↑ «Top 100 Hits of 1971/Top 100 Songs of 1971». www.musicoutfitters.com.
- ↑ «Cash Box YE Pop Singles - 1971». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2016. Henta 13. januar 2018.
296: «Rebel Girl» Bikini Kill |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 295 «Won’t Get Fooled Again» The Who |
294: «Sweet Jane» The Velvet Underground |
135: «In the Midnight Hour» Wilson Pickett |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 134 «Won't Get Fooled Again» The Who |
133: «Who Do You Love» Bo Diddley |
- Singlar frå 1971
- Songar frå 1971
- The Who-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2010
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2021
- Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista
- Songar skrivne av Pete Townshend
- Songar produserte av Glyn Johns
- MCA Records-singlar
- Polydor Records-singlar
- Track Records-singlar
- Decca Records-singlar
- Politiske songar
- Kjenningsmelodiar
- Van Halen-songar
- Labelle-songar