Wylie-translitterering
Wylie-translitterering er ein metode for å transkribere tibetansk skrift med bokstavane i det latinske skriftsystemet (a-z). Metoden har fått namn etter Turrell Wylie, som utvikla systemet i 1959. Etter det har Wylie-systemet vore standardtransliterering for tibetansk i USA. Systemet er tovegs, dvs. det er mogleg å på ein eintydig måte å gå frå tibetansk skrift til Wylietranslitterering og attende att.
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]Etter Wylie-translittereringa blir dei tibetanske konsonantane representert på denne måten:
ཀ k | ཁ kh | ག g | ང ng |
ཅ c | ཆ ch | ཇ j | ཉ ny |
ཏ t | ཐ th | ད d | ན n |
པ p | ཕ ph | བ b | མ m |
ཙ ts | ཚ tsh | ཛ dz | |
ཝ w | ཞ zh | ཟ z | འ ' |
ཡ y | ར r | ལ l | |
ཤ sh | ས s | ཧ h |
Den siste bokstaven i det tibetanske alfaberet, «nullkonsonanten», blir ikkje translitterert, i og med at han berre opptrer i vokalinitiale stavingar, og dermed kan rekonstruerast.
Vokalar
[endre | endre wikiteksten]Dei fire vokalteikna blir representert på denne måten:
ཨི i | ཨུ u | ཨེ e | ཨོ o |
Viss ei staving ikkje har vokalteikn, blir bokstaven a lagt til, for å vise den inherente vokalen a. (t.d. ཨ་ = a).
for å vise rotbokstaven. Etter denne rotbokstaven er det mogleg å slå opp ord i ordbøker
Store bokstavar
[endre | endre wikiteksten]I tidlegare translittereringssystem for tibetansk vart det brukt store bokstavar, for å vise kva som er rotbokstav. Med desse rotbokstavane var det mogleg å slå opp ord i ordbøker. Metoden vart likevel ikkje brukt konsekvent, og derfor innførte Wylie ein praksis med å skrive første bokstav i eit ord som stor bokstav.
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Staatsbibliothek Berlin – A standard system of Tibetan transcription
- Wylie, Turrell (1959). A Standard System of Tibetan Transcription. Harvard Journal of Asiatic Studies, p. 261-267
- Wylie-Tabelle, Nitartha International Arkivert 2005-02-23 ved Wayback Machine.
- THDL Extended Wylie Transliteration Scheme Arkivert 2005-03-09 ved Wayback Machine.
- Online-Transliterator (erzeugt Graphik aus Wylie oder ACIP Arkivert 2010-07-10 ved Wayback Machine.-Transliteration)
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Tysk wikipedia