Tom
Utsjånad
Tom og Thom er mannsnamn danna som engelske kortformer av Thomas. Dette kjem igjen frå hebraisk tōmā, 'tvilling'. Tom har norsk namnedag den 21. desember.
Kortforma er kjend sidan mellomalderen i England. Frå 1700-talet er det også kjend som døypenamn.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Tom var særleg populært i Noreg midt på 1900-talet, særleg rundt 1960, då over 1,4 % av nyfødde gutar fekk namnet.
I 2009 var det 15 590 norske menn som heitte Tom, av dei 5 539 med Tom som einaste førenamn. 189 heitte Thom.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Tom Seeberg (1860-1938), norsk skyttar
- Tom Kristensen (1893-1974), dansk forfattar
- Tom Wilson (1931-1978), amerikansk plateprodusent
- Tom Wolfe (f. 1931), amerikansk forfattar
- Tom T. Hall (f. 1936), amerikansk artist og låtskrivar
- Tom Jones (f. 1940), walisisk songar, eigentleg Thomas Jones Woodward
- Tom Bache-Wiig (f. 1942), norsk kunstnar
- Tom Clancy (f. 1947), amerikansk forfattar
- Tom Waits (f. 1949), amerikansk musikar og skodespelar
- Tom Prahl (f. 1949), svensk fotballtrenar
- Tomm Kristiansen (f. 1950), norsk journalist og forfattar
- Tom Walkinshaw (f. 1950), skotsk motorsportutøvar
- Tom Colbjørnsen (f. 1951), rektor ved BI
- Tom Harald Jenssen (f. 1951), norsk forleggjar
- Tom Kristensen (f. 1955), norsk krimforfattar
- Tom Sandberg (f. 1955), norsk kombinertløpar
- Tom Hanks (f. 1956), amerikansk skodespelar, eigentleg Thomas Jeffrey Hanks
- Tom Erik Oxholm (f. 1959), norsk skøyteløpar
- Tom Egeland (f. 1959), norsk forfattar
- Tom Eddie Brudvik (f. 1960), norsk skodespelar
- Tom Cruise (f. 1962), amerikansk skodespelar
- Tom Nordlie (f. 1962), norsk fotballtrenar
- Tom Kristensen (1967- ), dansk motorsportutøvar
- Thom Yorke (f. 1968), britisk musikar, frontfigur i Radiohead
- Tom Henning Hovi (f. 1972), norsk fotballspelar
- Thom Hell (f. 1977), norsk musikar, eigentleg Thomas Helland
- Tom Reidar Haraldsen (f. 1980), norsk fotballspelar
- Tom Høgli (f. 1984), norsk fotballspelar
- Tom Erik Nordberg (f. 1985), norsk fotballspelar
- Tom Hilde (f. 1987), norsk skihoppar
- Tom Kaulitz (f. 1989), tysk gitarist i rockebandet Tokio Hotel
- Tom Dice (f. 1989), belgisk songar
Tom i kulturen
[endre | endre wikiteksten]- Tom Sawyer er ein person i fleire bøker av Mark Twain.
- Onkel Tom er namnet på ein viktig antislaveriroman av Harriet Beecher Stowe, og ein av hovudpersonane i han.
- «Tom» eller «tomcat» er eit engelsk ord for hannkatt. I teiknefilmane om Tom og Jerry heiter katten Tom.
- Tom Riddle er det opphavlege namnet til fienden til Harry Potter, Lord Voldemort i bøkene til J.K. Rowling.
Tom i elvenamn
[endre | endre wikiteksten]- Tom i Amur oblast, elv i Russland
- Tom ved Ob, ei av sideelvane til Ob
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Tom hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Tom – mannsnavn» i Store norske leksikon, snl.no.
- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Tom», A Dictionary of First Names, Oxford University Press